Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Jakup:

Ved Jakupsteinen

Jakup - Ved Jakupsteinen (Norilds)

Jakup - Ved Jakupsteinen (Norilds)

Bak gruppenamnet Jakup finn vi to rotfeste tradisjonsspelemenn med ynskje om å vidareføre arven etter spelemannslegenden Fel-Jakup (1821 – 1876) frå Skjåk. Tippoldebarnet hans, Kjell Plassen i Skjåk, trakterer trekkspel, medan stryningen Arne M. Sølvberg står for felespelet.
Fel-Jakup gjekk mange turar over fjellet til Nordfjord og til Møre og Romsdal. Gode slåttar bar han med seg både vestover og heim att. Kjell Plassen (f. 1940) i Skjåk trakterer trekkspel, men er og kjend som ein meister på durspel med både ei og to rader. Han er ein viktig berar av speltradisjonen. Med stor interesse for det lokale felerepertoaret har han teke seg av den musikalske leiinga for spelemannslaget i Skjåk. Etter å ha lagt eit langt arbeidsliv som ettertrakta snikkar og tømrar bak seg har han no meir tid til å dyrke musikken.

Møtet med Arne M. Sølvberg (f 1950) i samband med ein minnekonsert for Kristen Vang i Skjåk gav ny inspirasjon for dei begge. Dei har køyrt mange turar over og gjennom Strynefjellet for å møtast. På eit vis kan ein seie at dei fører vidare Fel-Jakup sitt musikalske virke, men med langt mindre strabasiøse fjellferder. Arne er velkjend utøvar både på vanleg fele og hardingfele, men trefløyta har og hatt fast plass i feleskrinet. Han har fleire CD-utgjevingar bak seg. Soloplata ”Nordfjordslåttar” kom i 1996 og fekk Spellemannprisen. Men allereide på 1970-talet var han i platestudio og spelte inn runddansmusikk saman med trekkspel. Samanhengen mellom dans og musikk har stått sentralt hos Arne, og han har vunne Landskappleiken både i felespel og dans.

Jakup er ei gruppe som fyrst og fremst leitar fram gode, men ofte lite kjende slåttar, eller slåttar som tidlegare var høgt akta og no har lege i dvale. Eksperimentering med finurlege arrangement ligg ikkje i Jakup si interesse. Melodien skal vere det berande, gjerne i unisont samspel. Eit kvalitetsstempel på godt samspel før i tida var t.d. at to feler skulle låte som ei. Men innimellom er det kjekt å stase opp nokon av slåttane i tostemt drakt. Cellisten Elisabeth Karlsson (Sverige/Skjåk) var i Jakup si fyrste tid stundom med i samspelet, og ho vart beden til lydstudio i Skjåk som gjest ein dag under innspelinga. Øyvind Lyslo tok utfordringa og skreiv cellostemme til eit par slåttar.

Jakup har og hatt med gitar og bass på dansespeling, men er etter kvart mest tilhengarar av det tradisjonelle samspelet med berre to instrument og minst ein stødig trampefot på kvar spelemann. Slik presenterer gruppa seg og på denne plata, og er kanskje eit spennande alternativ til den gruppesamansetjinga som har dominert ei tid.

Jakup har hatt konsertoppdrag og dansespelingar både lokalt og litt lenger ut i verda som i Estland, Nisswa i Minnesota og på den internasjonale Førdefestivalen. Då har folk spurt om gruppa har CD. Dei to spelemennene er no glade for endeleg å kunne svare ja på slike spørsmål.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - Norwegian