Womex er den største årlege messa for verdsmusikk og folkemusikk der bransjefolk og artistar frå heile verda møtast. Norsk folkemusikkformidling har vore representert på messa gjennom fleire år for å profilere norsk musikk. Norsk folkemusikk og verdsmusikk held ein høg kvalitet og etterspurnaden etter artistar i denne sjangeren har vorte større.

Det er spesielt gledeleg at det i år vert etablert ei eiga nordisk scene under Womex. Søknadsfristen for å melde seg til denne gjekk ut 15. april og juryar i alle dei nordiske landa, samt ein Womex-jury, har jobba med å velje ut artistar. Frå Noreg søkte 24 artistar. Av desse vart Unni Løvlid Ensemble og Johan Sara jr valt ut. 

Unni Løvlid har allereie etablert eit stort internasjonalt nettverk, og turnerar store delar av verda. Likevel er Womex ein attraktiv plass for henne som musikar:
-Dette er eit høve til å presentere musikken eg arbeider med akkurat no for arrangørar og presse innan verdsmusikk, og kanskje møte andre musikarar som eg kan samarbeide med i framtida. Dette er fyrste gongen eg deltek på WOMEX, og eg gjer det i samarbeid med Music Export Norway, plateselskapet GRAPPA og managementet mitt ELEN-music. Håpar at WOMEX kan vere med på å gjere det lettare å få til turnear i Europa.

Den norske tradisjonsmusikken vert gradvis meir synleg utanfor Noreg. Vi har i dag mange dyktige utøvarar som ynskjer å livnære seg av folkemusikken, og dette er med på å gjere desse tradisjonane meir synlege og i verdsmusikkmiljøa.

 

Unni LøvlidUnni Løvlid er ein av dei mest markante unge musikarane vi har i dag. Ho er nyskapande, og lar seg ikkje binde av normer og reglar. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore mora, Oline Løvlid, Marta Seljeset Frøland og andre kjelder i Hornindal.) Løvlid er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og gav i 1999 ut si fyste soloplate, So ro liten tull. Den andre soloplata, Vita, er ein spesiell produksjon, der opptak er gjort i Emanuel Vigeland mausoleet i Oslo. Ho jobbar som frilans musikar, og har dei siste åra hatt heile verda som arbeidsplass. I 2006 framførte ho Schönbergs Pierrot Lunaire som eiget konsertprosjekt i Oslo, og komponerte også til tingingsverk-konserten under Årinnfestivalen i Kristiansand same år. I 2007 lanserte ho sitt nye soloprosjekt i samarbeid med Hild Sofie Tafjord, Håkon Kornstad, Lena Grenager og Frode Haltli. I 2008 var Unni Løvlid difor tilbake med nytt album, Rite, tre år etter førre soloalbum, og denne gongen med sjølvskriven tekst og musikk.  Unni Løvlid er ein allsidig musikar og kunstnar, og har erfaring frå mange ulike prosjekter og sjangrar som ligger ein stad mellom norsk folkemusikk, samtidsmusikk og elektronika. Musikken på Rite ligg i landskapet elektronika/samtidsmusikk/world.

http://www.myspace.com/unnilovlid

 

Johan Sara grip tak i den samiske tradisjonsmusikken og strekker den så langt som mulig. Han drar joiken inn i punken, før han trekker den baklengs inn i elektronikaens underlige univers.

I 2009 samarbeider Johan Sara Jr. Group med Sápmi Music og vert lansert  med ein Europa-turné og på festivalar i Noreg. I tillegg er slapp gruppa sin nye CD 'Orvoš' våren 2009 der joiken vert presentert i eit eksperimentelt landskap av lyd og rytmar. 

http://www.myspace.com/johansarajr


 

 

 

 

Øvrige nordiske artistar på Nordic Club er:

Sverige: Nordic og Bazar Bla

Danmark: Zar og Valravn

Finland: Lepistö & Lehti og Wimme

Island: Mógil