faksimile hardanger folkeblad
Faksimile frå Hardanger Folkeblad
Av og til spelar tilfeldige hendingar oss eit skikkelege puss. Slik var det fredag 22.01.2010 då Norsk hardingfelesenter AS formelt blei stifta som eit aksjeselskap i Bø i Telemark. Bø kommune er eigar, men har fått kapitaltilskot frå Telemark fylkeskommune og Midt-Telemark Næringsutvikling. Eit breitt samansett styre er oppretta. Same dag har Hardanger Folkeblad eit stort oppslag om etablering av eit hardingfelesenter i Hardanger der ein tek for seg ulike sider ved ei etablering av eit slikt senter i Hardanger. Felles for dei to initiativa omkring hardingfela er at ein ikkje ynskjer å sjå på hardingfela som ein museumsgjenstand, hardingfela er og skal vera i bruk. Ordførar i Granvin Herad Jan Ivar Rødland er oppteken av å føre tradisjonane vidare og legg stor vekt på den gode rekruttering ein har i distriktet. I Bø er ein òg oppteken av dette, der heiter det at verksemda skal ha som sitt formål bl.a. å "utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer". At to hardingfelesenter i kvart sitt distrikt er på gang, er absolutt positivt. Den politiske viljen til å rette fokus mot eigen kultur og eigne tradisjonar er tydleg sterk på båe sider av Haukelifjell. Og ein skal ikkje sjå bort frå ein viss "konkurranse-effekt" ved at to ulike regionar syslar med same tanken. Men korleis takle dette vidare? For utanverda kan dette skape forvirring, for kva seier politikarane: Fyrst ordførar Rødland i Granvin: "Både fysisk og mentalt bør Norge få eit nasjonalt senter for hardingfela, og eg ser det naturleg at det vert i Hardanger." (Hardanger Folkeblad 21.01.10). Og i Bø kommune snakkar ordførar Arne Storhaug om å etablere Norsk hardingfelesenter AS som eit "nasjonalt fyrtårn". (Bø Blad 26.11.09)
Faksimile TA[1]
Faksimile frå Telemark arbeiderblad
Nasjonalt senter her og nasjonalt fyrtårn der - i teorien kan det liggje ein kime til strid og dragkamp her. Men samarbeidsviljen er der. Ordførar Rødland seier til HF at "Bø har allereie etablert eit senter. Det vil vera naturleg å samarbeida med dei." Tilsvarande signal har kome frå Bø. Likevel står ein overfor ei utfordring: Skal ein etablere to uavhengige nasjonale senter som samarbeider, eller skal ein opprette eitt nasjonalt hardingfelesenter med to avdelingar? Som kjennar av hardingfelemiljøet gjennom mange år i båe område, vil eg gjera meg til talsmann for at ein samarbeider på breitt plan. Historia om hardingfela talar for seg: Instrumentet har namnet sitt og opphavet sitt i Hardanger, og det er i Hardanger instrumentet får si utforming - det er nok å nemne felemakarane Isak og Trond Botnen. Impulsen kjem over til Telemark (og andre distrikt austafjells) ein gong på andre halvdel av 1700-talet. Frå ca. 1815 byrjar den fyrste i Helland-familien i Bø å byggje feler, noko som skulle bli starten på ein gullalder for hardingfela der særleg Bø spela ei heilt sentral rolle i nasjonal samanheng. For det er telemarkingen Erik Johnsen Helland som utformar "den moderne hardingfela". Etter at Helland-Steintjønndal-perioden ebbar ut ca. 1970, flyt tyngdepunktet seg vestover att. Ikkje minst gjeld dette felemakarane Håvard Kvandal og Anders Åsen frå Hardanger. Desse to får dyktige arvtakarar i hardingen Olav Vindal og Sigvald Rørlien frå Voss. Våren 2009 kjem ungdomen Ottar Kåsa frå Arabygdi flyttande til Bø etter tre års læretid hjå Sigvald Rørlien. Kåsa har no etablert seg i Bø med eigen felemakarverkstad. Dette er ferskvare og syner at sambandet aust-vest stadig fungerer. Utveksling av kunnskap, handverk og kunst innafor felemakeriet bør vera basis i eit vidare samarbeid mellom dei to hardingfelesentra som er på trappene. Og einaste måten å få dette til på, er å opprette ein god dialog. Klokskap bør gå framom patriotisme, samarbeid bør gå framom åleinegang. Politikarar frå ulike fylke er kjende for å samarbeide om einskilde saker, mykje av dette har handla om vegsambandet på tvers. No er det eit gullkanta høve til å bruke vegen til det han skal brukast til: frakte personar, og med det - idear og kunnskap trygt fram og tilbake over fjellet. Mange kjenner soga om Myllarguten, han er den som fremst av alle sytte for at hardingfelemusikken utvikla seg til å blei ein felles rik og mangfaldig tradisjon i desse to regionane. Dette åleine må vera ein inspirasjon til å etablere eit sterkt samarbeid. Dersom ein delegasjon sett saman av folk frå Telemark og Hardanger kjem til departementet med ei klar skisse til eit konstruktivt samarbeid om eitt eller to hardingfelesenter bygd på lokalt særpreg og ei form for arbeidsdeling, vil det vera eit viktig signal. Og i og med den vellykka fusjonen mellom dei to folkemusikkorganisasjonane NFD og LfS, er klimaet for samarbeid innafor folkemusikksektoren betre enn på lenge. Folkemusikkmiljøa i Telemark og Hardanger/Voss er truleg svært så mogne for eit tettare samarbeid slik eg kjenner dei. Dette bør politikarane merke seg. / Kjell Bitustøyl tidlegare prosjektleiar for Hardingfelesenteret i Bø