Telemarkfestivalen har gjennomført årets festival med eit resultat som er over all forventning. Vi starta festivalen med bekymringar over store mengder nedbør, men vérmeldingane skulle vise seg å bli vår minste bekymring.
Til tross for tragiske omstende valde festivalen å gjennomføre heile arrangementet etter planen. Beslutninga om å gjennomføre er teke i samråd med alle partar. Leiinga i Bø kommune har støtta festivalen i vårt val, og sentrale myndigheitar har oppmoda alle om å halde fram så normalt som mogleg. Vi meiner vi gjorde rett val.
Vi kunne glede oss over opphald på våre to store utendørskonsertar, The Dubliners på fredag og Odd Nordstoga på lørdag. Begge konsertane samla folk på ein god og respektfull måte. Musikkopplevinga og samhaldet sto i fokus.
Vi har hatt eit jamt godt besøkstall på alle konsertar, fleire fulle salar, m.a. åpningskonserten “Prøysenfolk” som var utselt på førehand – og er omtala som tidenes åpningskonsert!. Billettsalet endte på om lag 2900 (ikkje 2400 som tidlegare meldt) selde billettar. Talet er lågare enn forventa, men alle omstende teke i betraktning så er Telemarkfestivalen nøgd med resultatet.
Årets Eckbopris-vinnar blei Andris Hemsing frå Aurdal i Valdres.
Avslutningskonserten, den tradisjonelle Borgjakonserten, med nyslått kongepokalvinnar Ottar Kåsa, var smekkfull. Årets bestillingsverk for barn “Blåbærtur” med Jon Rørmark og Camilla Granlien blei stor suksess og til glede for både store og små.
Interesserte kan besøke Telemarkfestivalen på nett her. Relaterte artiklar finn du som vanleg øverst til venstre.