Kunstnarleg leiar er for årets talentprosjekt ved Førdefestivalen er Steinar Ofsdal og Jovan Pavlovic. Talentprosjektet har blitt arrangert kvart år sidan 1995 med stønad frå Utanriksdepartementet, og skjer i samarbeid med Rikskonsertane.

Gjennom Talentprosjektet møtest tre musikarar i alderen 18-25 frå tre land, der eitt av dei alltid er Noreg. Dei lever tett på kvarandre ei veke under Førdefestivalen, og skapar musikk saman under rettleiing av to kunstarlege leiarar.

Sidan starten har ni unge musikarar i alderen 18–25 år kvart år fått spela saman ei veke i Førde, og i tillegg fått reisa på besøk til musikarane frå eitt av dei andre landa.

Eitt av måla med prosjektet er at dei unge musikarane skal få kunnskap og respekt for både eigen og andre sin kultur.

- Gjennom å arbeide saman på tvers av musikalske, språklege og andre kulturelle grenser, er eit av måla at dei unge musikarane skal utvikle seg både musikalsk og menneskeleg, har Førdefestivalen uttalt. '

Talentprosjektet ved Førdefestivalen vann tidlegare i år utmerkinga ”Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds”. Denne tittelen fekk festivalen for prosjektet i 2008, då Ingebjørg Harman Bratland, Julie Alapnes og Ingrid Stuhaug spela saman med musikarar frå Egypt og Palestina.

I den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk kan du lese eit større intervju med Ingebjørg Harman Bratland om nett denne utmerkinga.

Dette årets Talent-konsert er satt opp 9.juli, klokka 13.30. Den finn stad på Uteamfiet ved Førdehuset . Interesserte finn heile programmet til Førdefetsivalen 2011 på denne lenka.