Størst i sitt slag
Strunkeveko har etter kvart vakse seg stor, og er no det største sommarkurset i sin sjanger i Noreg. I overkant av 100 ungdommar samlast desse dagane, og saman med dei om lag 50 deltakarane på ministrunken er kring 150 barn og unge innom for å lære meir om folkemusikk og folkedans denne veka.
Variert kurstilbod
Strunkeveko gjev eit variert kurstilbod til deltakarar i alderen frå 11 til 25 år. Det er reine instrumentkurs, dansekurs og songkurs i tillegg til kurs i samspel, dans og uttrykk og folkedansteater. Her skulle det med andre ord vere noko for ein kvar smak!
Nybyrjarkurs på langeleik
Dersom ein ikkje har spelt noko instrument før, men er interessert i å prøve, vil Strunkeveko i sommar gje tilbod om nybyrjarkurs i langeleik. Her krevst ingen forkunnskapar, eit ynskje om å prøve er nok!
Instruktørar i toppklassen
Strunkeveko er svært heldige med at dei kvart år samlar eit knippe med dei beste folkemusikkutøvarane som instruktørar. Med store namn som Knut Hamre, Martin Myhr, John Ole Morken, Hæge Manheim, Ulf-Arne Johannessen, Rikke Van Ommeren og mange fleire, skulle alt ligge til rette for inspirerande og lærerike dagar.
Foto | Marie Totland |
Ministrunken – moro for dei yngste
Ministrunken er eit kurstilbod for ungar frå seks til elleve år. Dette er eit kurs som går over to dagar, og undervisinga går føre seg på Valdres folkemuseum på fagernes. Ministrunken gjev kurs i spel, song og dans og har vist seg å vere eit svært populært tiltak.
Fakta om Strunkeveko
- Går føre seg frå 25. til 30. juli 2010 (parallelt med Jørn Hilme-stemnet)
- Både deltakarar og instruktørar bur og har undervisning på Valdres folkehøgskule på Leira.
- Strunkeveko blir arrangert av Valdres folkemusikkarrangement as, som også arrangerar Jørn Hilme-stemnet
Påmeldingsfristen for Strunkeveko er 15. mai, minstrunken har påmeldingsfrist 1. juni.
Påmeldingsskjema og meir informasjon finn ein på nettsidene: www.strunkeveko.no