Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset:
Soli
Utgjevinga "Soli" syner tre utøvarar som tolkar tradisjonsmusikken på svært så ulikt vis. Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset må reknast som nokre av dagens fremste hardingfelespelarar.
Dei tre - som også har blitt kalla Dei Beste Damene - formidlar eit stort mangfald av klangfargar og rytmikk. Det er tre tydelege og sterke musikalske uttrykk som kjem til syne i slåttar med svært personleg signatur.
- Entusiasmen og lidenskapen for den tradisjonelle hardingfelemusikken har ført dei saman, og lyttarane kan vente seg ei utgjeving med feit, frekk og drivande felelyd, skriv Ta:lik i ei pressemelding.
Teigland, Hytta og Bjørset er alle meritterte utøvarar med lang og brei erfaring som musikarar i ulike konstellasjonar. Som solistar har dei alle tre gjeve ut kritikarroste plater.
- Dei Beste Damene viser til fulle hvilken intens og pågående lyd som kan komme fram av det særnorske instrumentet, der resonansstrengene skaper den særegne, ekkoaktige stemningen, skreiv Østlendingen, som ga albumet terningkast fem.
Platesleppet i oktober 2010 vart etterfølgt av ein turné til ei rekke stader i landet.