FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein enorm aktivitet gjennom mellom anna:
- Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
- Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
- Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.
Torunn Raftevold Rue, musikalsk leiar i laget |
Seljord spelemannslag
Seljord spelemannslag feirar 20 år i 2012. Dei har mellom 40-50 medlemmer, som øver jamt og trutt gjennom heile hausten, vinteren og våren. Noko av det viktigaste dei gjer er å føre vidare slåttetradisjonen og dansetradisjonen frå området deira, meiner musikalsk leiar i laget, Torunn Raftevold Rue. - Dette gjer det ved å lære bort til yngre og ved å arrangere kurs med spelemenn frå nabobygder.
I tillegg til sine eigne øvingar samarbeider dei med ein rekkje andre aktørar i nærområdet; Seljord kulturskule, barneleikarring Tusseleiken, Seljord og Kviteseid leikarring, Seljord barneskule, Flatdal skule, Åmotsdal skule, andre spelemannslag i Vest-Telemark og Seljord skulekorps. I fjor var det over 30 som spelte hardingfele på kulturskulen. Sjokoladekappleiken, som og er eit samarbeidsprosjekt er ein viktig arena for dei aller yngste som vil syngje, danse eller spele. - Med dette arrangementet har vi bidratt til rekruttering innan folkemusikk og folkedans i heile Telemark og nærliggande fylke, seier Rue. Hausten 2010 fekk laget støtte frå Utdanningsdirektoratet for å gjennomføre prosjektet ”Spel og dans i skulen” på skuler i nærområdet.
Seljord spelemannslag har mange jern i elden, og i tillegg til faste aktivitetar arrangerer dei ein rekkje konsertar gjennom året, dei har gitt ut eigen cd, i 2011 var dei lokal arrangør av Landskappleiken og hevder seg med gode resultat på kappleikar kvart år. Dei reiser og på turar til utlandet, og har dei siste åra vore i både England, Irland og Frankrike der dei fekk presentert deira tradisjon samtidig som dei fekk innsyn i folkemusikken til dei dei vitja. – Slikt gjev inspirasjon og ikkje minst forståing av andre kulturar og land sin folkemusikk, avsluttar Rue med.