Sigrid Moldestad:
Sandkorn
Særlig gjennom konsertforestillinga “TAUS”, som hadde premiere våren 2007, og var skrive av Sigrid sjølv. Den handla om dei uvanlig mange kvinnelige spelemennene frå hennar heimtrakter 150 år tilbake i tid, og den evig aktuelle historia om kampen for -og retten til - å vere seg sjølv. Forestillinga resulterte i glitrande kritikkar, plate og Spellemannsprisen 2007 i klassen for folkemusikk.
”Sandkorn” er ei plate med fleire eigne songar, nynorske gjendiktiningar av Robert Burns og tekstar av Jakob Sande. Med eit uttrykk som blandar den vestlandske dåmen med viser, folk, country og blues tek Sigrid Moldestad steget litt tilsides for det heilt tradisjonelle og har laga ei personlig plate saman med eit kremlag av vestlandsmusikarar.
Moldestad samarbeidar fast med Sigbjørn Apeland, Anders Hall, Anders Bitustøyl og Jørgen Sandvik. I tillegg har svenske Mattias Perez og bergenske Stein Urheim vore innom ensemblet både på plate og konsertar. Morten Skage produserte plata saman med Moldestad.
Moldestad vart kåra til Årets Folkemusikkutøver på Folkelarm i 2010. Juryen skreiv mellom anna dette i si grunngjeving for prisen:
- Årets pris går til en allsidig musiker, tradisjonsbærer, utøver og slåttekomponist som på kreativt og nytenkende vis utforsker folkemusikkens uttrykksmuligheter og bringer folkemusikken ut til nye lyttere. Samtidig viser denne musikeren en dyp respekt for tradisjon og inspirerer nye generasjoner av utøvere gjennom sitt instruktørvirke.
- Gjennom en rekke nyskapende grupper og flere plateutgivelser har Sigrid Moldestad vist gjennomgående kvalitet og variasjon. I senere tid har hun også utforsket folkemusikkens narrative og sceniske muligheter og vist seg som en fremragende sanger.