Føremålet med Rasmus og Agnes Pettersons fond er å gje økonomisk stønad til musikkopplæring av talentfull bygdeungdom frå heile landet. Fondet vert forvalta av Noregs Ungdomslag, Norges Bygdeungdomslag og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen.

Griegakademiet skriv at opplæringa til dømes kan vera songundervising, instrumental- og/eller teoriundervising. Stønad frå fondet kan delast ut som individuelle stipend eller gå til kursverksemd. Stipendbeløpa varierer mellom 2000 og 5000 kroner, og tildeling skjer annakvart år; 2011, 2013, 2015, osb. Søknadsfristen er sett til 1. mars.

Søknadsskjema ligg på nettsidene www.griegakademiet.no.

Interesserte kan dessutan ta direkte kontakt med:

Griegakademiet - Institutt for musikk
Lars Hilles g. 3
5015 Bergen
tlf. 55 58 69 50 - faks 55 58 69 60

Vi minner dessutan om denne nyttige sida frå Noregs Ungdomslag, der du finn fleire opplysningar om legatar, stipend og støtteordningar. Ei meir generell oversikt over støtteordningar innan musikkfeltet finn du på denne sida frå MIC - Norsk Musikkinformasjon.