Av Agnes Buen Garnås

Berre Lillebjørn fortel slik - og dei som fortel dette vidare no i nokre veker og månader framyve - er eit stort ensamble av unge folk .

Ja, enda til svært unge nokre av dei - og dei fortel slik at vi trur kvart ord og tone!
 
Noko er  - om det er Lillebjørn sine eigne fortellingar - frå "det far har fortalt" , og frå alt Lillebjørn har tatt inn av det han har sett og høyrt i folketradisjonar  - i by og bygd - i inn - og utland.
 
Forestillinga gir til beste visene fletta i ei lang historie frå A - Å, og har med visene vi kan,og dei vi lite kan ha høyrt - 
 
Fantasifullt framstilt -på ein enkel scene -  
 
Stutt sagt: Fabelaktig!!!!!
 
Det er utgitt 10 Lillebjørn-plater i ein box, og to av hans beste i ein dobbel-Cd, plakat og bøker er og å få med seg, og eit solid program om ein vil studera vidare i Lillebjørns sin eventyrverd av fortellingar når ein kjem heim att i tillegg..
 
Da alle skreiv på engelsk, skreiv Lillebjørn på morsmålet sitt.
 
Han skreiv  både på dialekt og anna godt norsk. Han har alltid bore sin hatt som han vil - og han har alltid slått ut håret - og han er både  frå både by og land. Trur eg.
 
Ta på deg hatten og gå på by`n og opplev dette!  
 
Å bli minna på alt han har sansa på - har vi godt av alle.  
 
Lillebjørn har reist heile sitt no etterkvart lange/unge  liv - og sendt postkort -- år etter år --
 
Nå får du av dei best skrivne -  på ei snor.
 
Tillukke Lillebjørn - og Oslo Nye Teater!
 
Dette er nesten ikkje til å tru! Og det gjer så godt å sjå dei fulle salane!
 
Ein norsk forfattar og tonediktar i ei av storstovene i  byen nesten heile musikk-eventyret handlar om. Det var på tide!
 
Ikkje ei einaste maske - og nesten utan  ein einaste gangar eller springar når dei som spelar og syng - skal flytte seg på scenen -  ?
 
Endeleg noko anna - SÅ GODT!                                                  
 
Agnes Buen Garnås
 
Du kan lese meir om denne framsyninga på nettsida til Oslo Nye Teater. Eit større utval av platene til Lillebjørn Nilsen finn du på denne sida frå Musikkonline.