Få med deg ein av Irland sine fremste felespelarar, saman med den geniforklarte bluegras-gitaristen Magnus Wiik tysdag 10. februar kl. 20 på Eldalstunet i Viksdalen!

Bríd Harper og Magnus Wiik møttest i 2022 for ein impulsiv turné idet Noreg var på veg ut av pandemien. Saman med Tony O?Connell debuterte dei på Riksscenen sin første Norse Gaels-festival, og same år spelte dei også på Førdefestivalen. Med fele og gitar dyrkar dei irsk folkemusikk i tett og dynamisk samspel. Einaste gimmick er at det skal vere drivande og dansbart!

Bríd Harper (fele) kjem frå Castlenn i Donegal, og er rekna som ein av dei beste. Punktum. Ein sånn felespelar som andre i feltet snakkar om med ærefrykt. Soloplatene hennar står att som klassikarar i sjangeren.

Magnus Wiik (gitar) er for mange kjend gjennom bluegrasband som Open String Department og Julie & The New Favorites. Han er geniforklart når det gjeld å tolke musikk. Før bluegrasen, tidleg på 2010-talet, turnerte Wiik med irsk folkemusikk på alle festivalar der irsk stod på plakaten, og spelte med namn som Gerry O?Connor, Ronan Ryan og Tony O?Connell.
Konserten blir arrangert i samarbeid med Førdefestivalen, og er ein del konsertserien VestaFolk. Turnéen med Bríd Harper og Magnus Wiik er realisert med støtte frå Vestland fylkeskommune.

Lokal arrangør er Gaular spelemannslag og Folkeakademiet Viksdalen.

Billettar:
Vaksne over 18 år: 200 kr
Born/ungdom: gratis
Kontant og vipps i døra.
#95828 (Gaular spelemannslag)