I midten av juni skjer det nemleg store ting i folkemusikk-Noreg. Da får folkemusikken sin heilt eigen, uavhengige nyheitskanal, med den nye nettsida Folkemusikk.no. 

– Den nye nettsida folkemusikk.no må ikkje forvekslast med den gamle med same adresse, seier redaktør Bjørn Sletten. 

– Den nåverande sida, som er ei organisasjonsside for FolkOrg, blir lagt ned. FolkOrg får si eiga heimeside folkorg.no, og folkemusikk.no gjenoppstår som ein rein nyheitskanal for folkemusikkfeltet, seier Sletten.

"Vi søkjer etter folk som har lyst til å formidle det som skjer rundt i folkemusikk-Noreg."

Kvardag og fest


Nå vil redaksjonen for den nye storsatsinga ha med seg potensielle bidragsytarar og leverandørar av redaksjonelt innhald til nettavisa. 

Går du med idear om reportasjar frå kappleikar, festivalar, konsertar, dansekveldar og kurs der du er, eller om du tek bilete eller berre likar å skrive, vil redaksjonen gjerne at du tek kontakt. 

– I samband med denne omlegginga søkjer vi etter folk som har lyst til å formidle det som skjer rundt i folkemusikk-Noreg. Vi vil gjerne formidle stoff frå folkemusikkvardagen og folkemusikkfestane over heile landet, og skal vi klare det treng vi hjelp frå skrivelystne ute i miljøet, seier Bjørn Sletten. 

–  Kjem det mange tips til bladet Folkemusikk, slik det er i dag? 

–  Nei, det gjer ikkje det. Det kunne gjerne vore meir, sjølv om ein aldri kan garantere at alt kjem på trykk eller på nett. Vi ynskjer fleire tips for å få større breidde i innhaldet.  

"Det er viktig for folkemusikkfeltet at ein får fram fleire stemmer"

Få fram fleire stemmer


I førekant av Landskappleiken på Geilo i sommar, blir Folkemusikk.no relansert som ein eigen portal som skal innehalde nyheiter og anna redaksjonelt stoff. Alt frå reportasjar frå arrangement, fotoreportasjar, intervju med nokon i ditt lokalmiljø – tradisjonsberarar, eldsjeler, unge og lovande og veteranar – er aktuelt stoff.  

– Det er begrensa kor mykje vi i redaksjonen kan vera rundt i landet. Her har ein derfor ei moglegheit til å lyfte fram ulike sider ved miljøet som elles kanskje ikkje ville fått merksemd, seier redaktør Sletten. 

– Kan kven som helst skrive eller ta bilete? 

– Det er ein fordel om ein har noko skrive- og fotoerfaring frå før. Men vi ser også på moglegheitene til å gjennomføre noko kursverksemd for både fotointeresserte og skrivelystne etter kvart. Det er viktig for folkemusikkfeltet at ein får høgna kompetansen og rett og slett får fram fleire stemmer, avsluttar redaktøren.  
 

Har du tips til saker eller vil skrive for Folkemusikk.no frå og med i sommar?

Ta kontakt med redaktør Bjørn Sletten på telefon 974 71 997 eller send ein e-post til info@folkemusikk.no