Til no har Folkemusikk.no vore ein kombinasjon av FolkOrg sine heimesider, og ein nettportal med nyhende. Portalen har til no ikkje vore styrt etter redaktørplakaten. Dette blir det no ei endring på. 

Frå og med i sommar blir Folkemusikk.no ei uavhengig nettavis, styrt etter redaktørplakaten og føremåla til bladet Folkemusikk. Med dette blir også bladet Folkemusikk og Folkemusikk.no éin og same eining, og ein felles redaksjon. Vedtaket vart gjort under styremøtet til FolkOrg på Geilo førre veke.

- Me har i lengre tid sett at det har vore naudsynt å rydde opp i informasjonsarbeidet, og dei prosjekta me har. Potensialet for å utvikle og styrke koplinga mellom bladet og nettsida har vore der, og no har me funne ei løysning som me trur vil fungere godt,  fortel informasjonsrådgjevar i FolkOrg, Eivind Kaasin

Ei god løysning for lesarane

- Dette vil vere eit godt verktøy for å løfte fram og synleggjere folkemusikken og –dansen på ein enda betre måte. Me treng godt redaksjonelt stoff om folkemusikken og -dansen også på nett, og me håper dette vil bli ei god løysing for lesarane, meiner den nye redaktøren i bladet Folkemusikk, Bjørn Sletten.

- Noko av det stoffet som no er i bladet, vil no bli aktuelt å ha på nett. Dette opnar også opp for nokre lengre og meir djuptgåande saker i bladet.  

Som ein konsekvens av endringa vil Årbok for norsk folkemusikk bli fasa ut. 
- Me ser det slik at bladet vil ta opp i seg mykje av funksjonen som årboka har hatt. Eit godt døme på det er den siste temautgåva om instrumentmakarar som kom no i desember, fortel Sletten. 

FolkOrg får eigne heimesider

Med denne modellen får FolkOrg sin eigne nye heimesider, www.folkorg.no, der ein vil finne informasjon frå organisasjonen, søknadsfristar og anna praktisk informasjon.    

- No vil det blir tydlegare kva for informasjon som kjem frå organisasjonen, og kva som er redaksjonelt stoff, fortel Kaasin. 

Vil etablere Folkemusikk-Wikipedia

- Dette er tenkt som ein form for ”Wikipedia” for folkemusikk. Kall det gjerne eit opplysningskontor for folkemusikk og –dans. Dette prosjektet er førebels berre i startgropa, men me håpar dette er noko mange vil bidra til, håpar Eivind Kaasin.  

Nye Folkemusikk.no og Folkorg.no er tenkt lansert i førekant av Landskappleiken i sommar. Det neste halvåret vil aktiviteten på nettstaden bli noko lågare enn normalt.