Den tradisjonelle nordiske musikken er ein viktig del av vestlege musikktradisjonar og utgjer både en felles og individuell identitet i den nordiske kulturen. The Great Nordic Night fortel i musikk, song og lys om nordbuaranes liv, historie og natur, og konserten presenterer mangfaldet, nyansane og ikkje minst krafta i den nordiske musikken. Grunnstammen på scena er The Great Nordic Band som tel nokre av dei fremste musikarane på den nordiske musikkscene i dag, og er Roger Tallroth (gitar), Ragnhild Furebotten (fele) og Tapani Varis (bass). Dei backar ei rekkje markante solistar som norske Annbjørg Lien (hardangerfele) og Hallgrim Hansegard (dans), den færøyske songaren Eivør og den svenske multiinstrumentalisten Ale Möller og hans trio Frifot. Konserten er skapa og produsert eksklusivt til opninga av Womex 2009 i København av den danske felespelaren Harald Haugaard i samarbeid med Folkemusikkens fellessekretariat i Danmark.

The Great Nordic Band:
Ragnhild Furebotten (fele)- Norge
Esko Järvelä (bratsj)- Finland
Olli Kari (harmonikaer) - finland
Jonas Simonson (fløyter) - Sverige
Hanna Wiskari (saksofonar) - Sverige
Roger Tallroth (gitar) - Sverige
Krister Jonson (elektrisk gitar)- Sverige
Rasmus Zeeberg (mandolinar) - Danmark
Tapani Varis (kontrabass) - Finland
Sune Rahbek (slagverk) - Danmark

Solistar:
Songar Helene Blum - Danmark
Songar Eivør - Færøyene
Dansar Hallgrim Hansegaard - Noreg
Nykkelharpist: Johan Hedin - Sverige
Harmonikaspelar: Johanna Juhola - Finland
Hardangerfele: Annbjørg Lien - Noreg
Songar Rasmus Lyberth - Grønland
Songar Wimme Saari - Sameland
Trioen Frifot med Lena Willemark, Per Gudmundson & Ale Möller - Sverige

Visjon, konsept og kapellmeister: Harald Haugaard
Produksjon: Harald Haugaard & Folkemusikkens Fellessekretariat i Danmark

Kjelde: Folkemusikkens Fellessekretariat i Danmark