Jeff  Anderson er  3. generasjons innvandrar til USA av norsk opphav. Bestefar til Jeff på farssida  kom frå Bergenskanten og bestemora  frå Lofoten, og  busette seg som farmarar  i Nord-Dakota. 

Bestefaren spelte fele og knappetrekkspel. Han hadde mange musikalske vener frå Norge som besøkte dei spelte saman med dei. Seinare flytte familien til Waterville i staten Washington på nordvestkysten av USA der Jeff vaks opp med 9 onklar, tanter og mor og far som alle spelte ulike instrument.

- Jeff er kanskje den folkemusikaren i USA som aller best har tatt vare på tradisjonen etter dei tidlege innvandrarane frå Skandinavia, seier Einar Eimhjellen frå Naustedalen Spelemannslag.

- Sjølvsagt er musikken hans prega av andre stilartar enn den skandinaviske, men til skilnad frå andre norsk-amerikanske folkemusikarar har Jeff  aldri vore "heime" i Noreg  og blitt prega av den folkemusikalske utviklinga som har vore her.

Jeff  Andersom spelar som nemnt mykje på skandinaviske festivalar på den amerikanske vestkysten, der han opptrer saman med kona Jane som spelar durspel.

Jeff Anderson gav ut CDen ”Fiddling In The Family Tradition”  i 2000. Saman med Jane gav han og ut albumet ”Nordic Spirit” i 2004