Tekst: Ida Habbestad, Bladet Folkemusikk.
Foto: Oddleiv Apneseth.
Lunt, ryddig og oppfinnsamt. Desse orda fester seg snart då eg tek plass i den romslege sofaen på kontoret til Einar.
Einar, som heiter Eimhjellen til etternamn, og som i heimen sin i Naustdal har lagt flid i å skapa denne inviterande hola: ein verkstad der han utspelar ein sentral del av livet sitt.
Kor mange timar han har halde til her, veit ingen. Men sjølvsagt er det her me skal vera. Einar signaliserer med det at interessene hans, og alt han har gjort, i stor grad formar han som person. På veggane heng bilete, instrument, utmerkingar. Her er utstyr og maskinar. På bordet har han funne fram eit utval hefte, innspelingar – arbeid.
I alt minner kontoret om eit anna eg minnest frå barndomen: bestefar sitt kontor, som hadde slik magisk kraft. Med eit nøkternt og oversiktleg oppsett, men med noko større og skapande i seg – noko som bobla bakom alt det ryddige. Denne kjensla vert underleg sterk i Naustdal. Er det ikkje berre eit spørsmål om tid før verktøy og skrivereiskapar også i dette rommet brest ut i noko kreativt?
Einar sitt kontor er fylt av hendingar og meining. Det representerer ein stad der arbeid og hobby er førte saman til eit liv: Det gode livet, som han openbart har levt – her oppe, og med kona si, Marit, med familien, i bygda som han har vigt mykje merksemd. Når eg så opnar samtalen for å høyra meir om alt dette meiningsfulle, vert eg overraska.
– Eg har i grunnen aldri vore god til noko som helst, seier Einar, nøkternt.
Eg løftar augnebryna i protest. Han ser det, og held fram: – Ja, nei, eg har ikkje det. Men eg har hatt veldig mange interesser.
Det siste er sanning. Det er som kvar interesse han har, genererer nye. Spelemannslaget har ført til interessa for å gjera opptak. Det førte til nyfikna for utstyret i seg sjølv, og for å skriva ned musikk. Det førte til interessa for å læra seg nye instrument, i grunnen er det inga grense for kor mange instrument Einar kjenner i det grunnleggjande.
– Ja, vil du høyra?
Einar bort til platespelaren, og sanneleg: Frå høgtalaren kjem eit heilt lite orkester. Einar trakterer alle instrumenta sjølv, han har spelt inn spor for spor.
I ungdommen gjekk han i snikkarlæra, og dernest tok han ei utdanning i jordbruk. Der andre spesialiserte seg, tenkte Einar breidde. Såleis har han kunnskap om husdyr og hage, om skog og om økonomi – alt kom godt med i verksemda hans som jordbrukssjef i kommunen. I yngre år var han dessutan ein aktiv idrettsmann. Særleg innanfor skihopping, der han vart kretsmeister som gutehoppar. Då han ein periode budde i Trøndelag, gjekk han til topps i fleire hopprenn.
– Men det eg er aller mest stolt av, er då eg som juniorhoppar vann over senioren Leiv Blakset, som seinare vart stortingsmann, minnest Einar. – Det ser eg på som det største eg har oppnådd!
Han er altså ikkje umedviten om kva han kan. Men når innsatsen i seinare år er møtt med heider, har han hatt vanskar med å skjøna det.
– Eg heldt eg på å få sjokk. Det var heilt utenkeleg, seier Einar.
Han er beden om å fortelja om ein spesiell episode. Den gongen han var på fylkeskappleiken, og trudde han skulle få folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane, då ordføraren plutseleg viste seg. ”Kva er dette; kva har ordføraren med ein folkemusikkpris å gjera,” undra Einar, som snart forsto at han skulle få noko endå meir gildt i handa: Kongens fortenestemedalje i sølv, som takk for lang og tru innsats.
– Utenkeleg, gjentek Einar.
Og eg undrast: Kvifor var dette så utenkeleg? For ein mann som har vore umåteleg viktig for samhaldet i lokalmiljøet?
Han er ikkje alltid like audmjuk. Somme ting gjer han faktisk svært så irritert. Som då han var med på landskappleik med spelemannslaget, kring 1972. Dei deltakande var høgst inspirerte, etter kurs med Sigbjørn Osa. Dei gjorde sitt beste. Jubelen var høg, inntil beskjeden kom: Dei var diskvalifiserte for å ha trekkspel med i gruppa. Einar protesterte. Det fanst ikkje nokon heimel for dette i vedtektene. Faktisk hadde styret endra regelverket under sjølve kappleiken.
– Det vart gjort eit vedtak som verka attende i tid. Eg lika det ikkje, seier Einar, fast i blikket. Eg trur han gjerne.
Men mot slutten av året vart mykje gjort godt, då Rolf Myklebust i Folkemusikktimens kavalkade trekte fram opplevinga med spelemannslaget som ei av årets beste.
Det siste fortel han nøgd, Einar. Det som før var atterhalde, er lagt vekk til fordel for det meiningssterke. Kanskje er me ved kimen til svaret på kvifor han let seg overraska slik over at han, som enkeltperson, vart mottakar av ein så gjæv hyllest?
For Einar opptrer helst på vegner av eit fellesskap. Mest same kva han gjer, munnar arbeidet ut i noko større, der gruppa og samhaldet er det viktige.
Andre og siste del delen av dette intervjuet frå Bladet Folkemusikk kan du no lese her.