Sogn og Fjordane Folkemusikklaget skipar no til Mokurset for 27. året på rad, og byr i 2011 på ei rekkje kurstilbod for både born, unge og vaksne.
- Kurs i song og spel på ei rekkje instrument utgjer kjernen i kurstilbodet vårt, men vi har også eit fordjupingskurs i folkeleg dans og masterclass på hardingfele for dei vidarekomne. Mokurset har i 2011 eit tilbod til alle aldersgrupper og nivå, seier prosjektleiar Synnøve S. Bjørset.
Sterke instruktørnamn
Felekursa blir leia av John Oddvar Kandal og Jorun Marie Kvernberg, medan hardingfelekursa blir leia av Knut Hamre, Sigmund Eikås, Vidar Underseth og Ingrid Heieren.
Rannveig Djønne skal undervise på toradar, og Helene Myklemyr på trekkspel. Folksongkurset blir leia av Berit Opheim Versto, og på kurset i folkemusikkgitar er Olav Tveitane instruktør.
- På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte læringa i fokus, og det blir undervist i grupper på ulike nivå. På kurset folkemusikkgitar vil det vere fokus på ulike kompteknikkar, samt noko slåttespel på gitar, fortel Bjørset.
Unikt dansekurs
Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell kjem også i år for å halde fordjupingskurs i folkeleg dans. På dansekurset blir det fokusert på generelle spørsmål knytt til folkeleg dans: samspelet mellom musikk og dans, ulike snuteknikkar, balanse, flyt og driv i dansen, og personleg uttrykk. På kurset får deltakarane først og fremst høve til å utvikle sin eigen dans, men det blir også innlæring av nye dansar som praktiske øvingar.
- Dette kurstilbodet er det einaste av sitt slag i landet, og har etablert seg som eit svært populært kurs. Fleire av deltakarane kjem att år etter år, og det er eit godt teikn, seier Bjørset.
Samarbeid med Førdefestivalen
Årets Mokurs er lagt til 10.-15. juli, og i samarbeid med Førdefestivalen får alle deltakarane eit profesjonelt konserttilbod. Samarbeidet omfattar også ein masterclass på hardingfele, leia av spelemannen Håkon Høgemo.
- Førdefestivalen går av stabelen 7.-10. juli, og vi håpar at deltakarane på Mokurset vil varme opp til kursveka ved å vitje festivalen og møte artistar og musikk frå heile verda, avsluttar Bjørset.
Dei som ønskjer å delta på Mokurset 2011 må melde seg på innan 20. mai. Påmeldingsskjema og meir info om dei ulike kurstilboda er å finne på www.mokurset.no. Interesserte finn fleire artiklar om Førdefestivalen 2011 på toppen av denne sida.