Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Turné og ny plate for Geitungen

Langt ute

Foto: Magnes Sandnes

Foto: Magnes Sandnes

Måndag 11. januar reiser Geitungen på turné med den nye plata "Langt ute". Dei skal innom sju plassar frå Bergen til Oslo.
Plata Langt Ute presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant festsugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid.

Geitungen, trioen bak plata, spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.

Langt Ute er Geitungens tredje plate, og blir gitt ut på Grappas folkemusikk-label, Heilo. Plata er ein oppfølgjar til plata BRA KAST som blant anna fekk pris for beste plate i open/eksperimentel klasse ved Norwegian Folk Music Awards 2005. BRA KAST inneheldt låtar frå alle områdene innan Rogalandsk tradisjonsmusikk, på Langt Ute har Geitungen konsentrert seg meir om låtane frå Bjerkreim.

Geitungen er:

Vidar Skrede som trakterer hardingfele, fele og gitarar på plata. Han er frilans musikar, og er med i ei rekke nordiske band som Den Store Norske Gitarkvartett, NOMAS, The Secret Carpet Club, Fant&Fente, AAMOS, Stimenn og Vidar Skrede DYNAMO BAND, og har master i nordisk folkemusikk frå Kungliga Musikhögskolan i Stokcholm.

Olav Christer Rossebø trakterer fele, mandolin, mandola og gitar på plata. Han er frilans musikar, kjent frå band som blant anna Bergen Mandolin Band, Earlybird Stringband, Fant&Fente og Filibuster, og har kandidat i utøvande folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo.

Håvard Ims trakterer toradarar på plata. Han er tidlegare noregsmeister på toradar.


På si nye plate lar Geitungen seg til kjenne nok ein gong, i tillegg til kanskje å ta eit nytt steg vidare i ein ny retning mot noko som kan minna om populærmusikk frå ei anna tid. Langt Ute.

Speleplan:
11.01.2010 - Columbi Egg, Bergen
12.01.2010 - Bøndenes Hus, Sandnes
13.01.2010 - Årestoga, Rauland
14.01.2010 - Tre Brør Kafe, Voss
15.01.2010 - Øvre Suldal Samfunnshus, Nesflaten
16.01.2010 - Cafe Moody, Haugesund
15.04.2010 - OsloFOLK, Oslo


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - Norwegian