Det handlar om artistar på veg opp til eller på veg ned frå Haukeliseter. Og i år har ein for fyrste gong òg gjennomført ein konsertturné utanom sjølve festivalen. Tre unge felespelarar frå tre ulike distrikt har turnert austafjells og vestafjells, fem konsertar i alt.

Turneen med Lars Ingar Meyer Fjeld frå Sandefjord,  Tor Hoslemo frå Bykle og Alexander Røynstrand frå Granvin starta i Suldal. Så var ein innom Rauland, Bø og Granvin i Hardanger, og avslutta på Osterøy museum 29. mai.
I tillegg skal to andre grupper ut  på kvar sin miniturne i førekant av festivalen, dvs i dagane 5. - 8. juni. Den eine gruppa er Aamos, som spelar slåttar frå Shetland, men som har med ein norsk gitarist som set sitt preg på gruppa.

Den andre turneen er prosjektet "Eit møte over vide fjell" - med kvedaren Lajla Renate Buer Storli og dansaren Torkjell Børsheim frå Hardanger, kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå  Seljord og spelemannen Sivert Holmen frå Valdres. Aamos opptrer i Valle i Setesdal og i Hardanger, konserten "Eit møte over vide fjell"  blir framført i Heddal og Sigdal.

- Alle artistane som er ute på turne blir òg å finne på sjølve festivalen i pinsehelga. Det er Norsk kulturråd si arrangørstøtteordning som gjer desse turneane mogleg å gjennomføre, fortel Kjell Bitustøyl, som er dagleg leiar i Haukeliseterfestivalen. 

Interesserte kan lese meir om Haukeliseterfestivalen på denne lenka frå VisitRauland. Du finn òg relaterte artiklar øverst til venstre på denne sida.