Haukeliseterfestivalen i samarbeid med Den norske folkemusikkscena sender ut fire unge hardingfelespelarar på turné i vest, sør og aust, nærare bestemt Hardanger, Setesdal og Vest-Telemark. Dei fire unge felespelarane som representerer kvar sitt fylke/region, er alle svært lovande og definitivt framtidas spelemenn. Dei vil i denne konserten vise både likskap og ulikskap i speldialektane mellom dei ulike distrikta. I etterkant av turneen vil desse fire opptre på Haukeliseterfestivalen 18. og 19. juni. Dei fire er:
IMG_3493marie tveiten a
Foto | Kjell Bitustøyl

Marie Tveiten (17) er frå Seljord. Ho kan trygt seiast å vera eit produkt av det rike spelemannsmiljøet i Seljord som har vakse fram i dei siste åra med Ragnhild Knudsen, Torunn Raftevold Rue og Sara Telnes Fjågesund som dei fremste inspiratorar og læremeistrar. Marie har spela sidan ho var 6 år og har dei to siste åra hatt Per Anders Buen Garnås som sin fremste læremeister. Marie er aktiv i Seljord Spelemannslag og er for tida elev ved musikklina ved Skien vidaregåande skule.

Alexander Røynstrand Ulvik 2010
Foto | Kjell Bitustøyl

Alexander Røynstrand (20) er frå Granvin i Hardanger. Han byrja å spela med læremeisteren Knut Hamre alt i 6-7 års alderen. Han har hevda seg bra på mange kappleikar., bl.a. vann han yngste klasse på Landskappleiken i 2008. Alexander har motteke Sparebanken 1 sitt stipend, og han har blitt tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris. For tida er han student på Folkemusikkstudiet i Rauland, og mest av alt fører han vidare ein rik hardingfeletradisjon og har lært slåttar av fleire av dei fremste utøvarane i Hardanger.

tor hoslemo
Foto | Kjell Bitustøyl

Tor Hoslemo (17) er frå Bykle i Setesdal. 9 år gamal byrja han å spela hardingfele - Marton Laksesvela og Vidar Lande har vore dei fremste læremeistrane. Tor har delteke på mange kappleikar, har m.a. vunne yngste klasse i NM i Folkemusikk i 2009, han har fått Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar og har fått Aust-Agder fylkes kulturstipend. Han har tileigna seg spel frå dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Tor var med på plateutgjevinga "Dalstroka innafor" (2009) saman med Johanne Flottorp og Gard Nergaard.

Rebecca

Rebecca Shaw Waage (17) frå Haugesund. Ho er aktiv i Haugesund Spelemannslag, byrja å spela då ho var 9 år og har hatt fleire læremeistrar, fyrst Susanne Helgeland, seinare Siri Dyvik og Øystein Nilsen. No går ho på musikklina på vidaregåande skule i Haugesund og har Håkon Høgemo som lærar. Slåttane ho spelar er i tradisjon frå Bjerkreim og Suldal, i det siste òg slåttar frå Sogn.


Turneruté


Bykle -  torsdag 10.juni
Agatunet - Hardanger fredag 11.juni
Seljord - onsdag 16.juni
Haukeliseter - 18.-19.juni
 

Turneen er ein del av ein langsiktig strategi for Haukeliseterfestivalen som handlarom å regionalisere festivalen til dei tilstøytande fylka omkring Haukeliseter. Denne regionen er identisk med området dei kjem frå, dei offentlege og private aktørane som står bak Stiftinga Haukeliseterfestivalen.