3. mai i år er det 100 år sidan Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd på Hakestad i Ulvik og snart 150 år sidan Lars Osa vart fødd 13. august på Syse i Ulvik. I høve jubileet inviterer arrangøren Hardin Folk til fest, og det er lagt opp til ei rekkje arrangement som set søkelys på dei to felespelarane og hardingfela som instrument. På programmet for markeringa står mellom anna artistane:

Liv Bernhoft Osa, Annlaug Børsheim, Geir Botnen, Jon Fosse, Knut Hamre, Knut Buen, Jackie Leven, Nils Økland, Alexander Røynstrand, Marie Tveiten, Frank Rolland, Daniel Sandén-Warg, Rio Yamase, Sallaren, Stein Torleif Bjella m/ Olav Luksengård Mjelva

Folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli skal sy dette saman som konferansier. Det er også under planlegging ei markering i regi av Hardanger Juniorspelemannslag  i ungdomshuset Elvatun i Ulvik.

Knut_Hamre-foto-Kjell Bitustøyl
Knut Hamre er ein av artistane på Harding Folk 2010 - Foto: Kjell Bitustøyl


Harding Folk - ein årleg festival


Etter markeringa av Lars Osa og Sigbjørn Bernhoft Osa ynskjer arrangøren å lage Harding Folk til ein årleg festival for hardingfela i Hardanger.

- Sigbjørn meinte at alle ville like hardingfela berre det vert formidla på rett måte og det skal me ta tak i. Det å ha ein lokalkultur med eit musikkinstrument på ca 400 år er ei fantastisk kjelde til glede som me vil invitera alle interesserte å oppleve. Det er ingen annan stad det er meir naturleg å oppleve hardingfela, eller hardangerfele som den også vert kalla, enn i Hardanger. På ein del områder må me vedgå at me er i periferien, men når det kjem til hardingfela så vil Hardanger alltid være kjelda, skriv Harding Folk på sine heimsider.


Program, billettar og meir info om Harding Folk og jubileet finn du på www.hardingfolk.no