Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ankomst

Gjermund Larsen trio

Ankomst_Gjermund_Larsen_trio_foto_heilo

Gjermund Larsen er ein raus spelemann og komponist som med folkemusikk-Noregs mest elegante strøk lett svingar bogen frå det eine feleprosjektet til det andre. "Det hjarta er fylt med fløymer fela over med" er eit munnhell som kan høve godt på denne unge felespelaren.

Gjermund Larsen har eit uvanleg breitt emosjonelt register i musikken – frå det briljerande virtuose til det milde og sarte. Tonaliteten i det gamle spelet etter n’Hilmar taklar han på ein meisterleg måte, samtidig som han gjerne flørtar med nye stilar og kastar seg ut i improvisasjonar få gjer han etter.

Gjermund Larsen Trio kom ut med sin første CD, Ankomst, i oktober 2008, og vann med den spellemannspris i kategorien for folkemusikk og gammaldans. Gjermund Larsen er grossist i prisar, han har blant anna vunne Landskappleiken klasse A vanleg fele to gonger, som historiens yngste i 2002, og fått Kongepokalen (2005). Gjermund vann Spelmannspris i 2003 med gruppa Majorstuen, og var nominert i samme klasse i 2007. Hadde han delteke meir, hadde nok sigrane vore fleire. Men som den rastlause musikar han er, må han vidare på sin veg gjennom musikken, han har stadig mykje ugjort. Inniblant let han fela kvile og trakterer celloen med like stor eleganse. Gjermund møter gjerne andre sjangrar, og han er alt ein svært røynd samspelar. Men det er aldri tvil om kvar det musikalske heimlandet ligg, det er i folkemusikken og aller mest: i slåttane og visetonane etter Hilmar Alexandersen. Gjermund har spelt i det finsk-norske Frigg, i Christian Wallumrød sekstett, med Odd Nordstoga og Maj Britt Andersen, og bluesmusikeren Reidar Larsen (2006). Gjermund tek diplomstudier ved Norges Musikkhøgskole.

Det er inga overdriving å sei at Gjermund Larsen er ein fornyar av klasse både som komponist og spelemann. Og talentet sitt låner han sjenerøst ut til dei mange som ynskjer å ha han med – enten det handlar om plater, konsertar eller teaterframsyningar.

Musikarane på plata "Ankomst"
Gjermund Larsen: Fele
Andreas Utnem: Klaver og trøorgel
Sondre Meisfjord: Kontrabass
Helge Nordbakken: Perkusjon, Gro Kjelleberg Solli: Sang

Plateomtala er henta frå www.grappa.no


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk