I Hallingdølen kom Arne Sigurd Haugen med kommentarar til Folkelarm-prisen som var både interessante og vituge. Eg var ikkje sjølv på Folkelarm i år, men fekk sjølvsagt med meg både nominasjonane og utdelinga av prisane gjennom diverse medium. Haugen har til no fått lite anna til svar på utfordringane og innspela han gav, enn eit langt sjølvforsvar frå tidlegare juryleiar Kjell Bitustøyl.

Kategorisering er vanskeleg, utfordrande og styrande. Det vil alltid vera noko som er lettare å samanlikne enn anna, same kva ein kallar musikken, same kva ein kallar kategorien. Ved å gruppere noko på eitt vis er det alltid fare for å utelukke noko anna. Men slik er det på alle omkverve, og ein må tore å gjera ein del val alt etter kva som høver best for samanhengen. Og samanhengen i dette tilfellet, Folkelarm-prisen, er i mine augo som skapt for full feiring på alle frontar. Det er der korkje Bitustøyl eller noverande arrangørar svarar på hovudutfordringa frå Haugen. Når me først har gått til det steget å presentere og feire norsk folkemusikk og folkemusikk i Noreg på brei front, kvifor ikkje laga ein gedigen Folkelarm-pris på vår eigen fest?

Det bør vera unødvendig å nemne for den vidare debatten at eg sjølvsagt inkje har imot nokon av dei som fekk prisane i år – verdige vinnarar og dyktige musikarar kvar på sitt vis. Hovudproblemet er at det var så få av dei – og ikkje minst at dei konkurrerte i delvis merkelege klasseinndelingar. Kva er eigentleg ”gamaldans/tradisjonalist”? Og viss Årets folkemusikar er ein pris for flott innsats gjennom mange år, så kall det då det – Årets heiderspris eller Årets lang og tru teneste-pris.

Nei – om me har så stort mangfald og kvalitet i Folkemusikk-Noreg som retorikken rundt Folkelarm tyder på, så burde det vera sjølvsagt at meir av denne synte att i feiringa. Samiske musikarar blir ikkje meir verdsette i det norske storsamfunnet sjølv om me trugar joik og hardingfeleslåttar inn i same klasse – kvifor ikkje ha klassar for båe? Er ikkje det viktigaste at alle er med på same festen, konkurrerande innanfor mange sjangrar?

Så kan me gjerne i tillegg til kategoriane, som sjølvsagt er dynamiske og må kunne endrast om ein ser at anna inndeling er meir høveleg, ha prisar som Årets spelemann eller Årets nykomar eller Årets gruppe eller Årets dokumentarist eller Årets har gjort mest for folkemusikken i media, uavhengig av kva dei spelar eller syng. Men la for all del – på vår eigen fest – musikken få koma til syne.

Sigrun Høgetveit Berg