Forvaltaransvar og domargjerning

Ingvill Marit Buen Garnås har skrive det svært viktige og betimelege innlegget «Ut med domaren, inn med kua!» i Folkemusikk.no, publisert 30. juni. Gong på gong opp gjennom soga har folk samla seg om Landskappleiken som tilskiping. Det skjedde etter at mange framifrå yngre idealistiske utøvarar på 1970-talet ville ha vekk det sterke tevlingsfokuset i folkemusikken. Dei vendte seg vekk, men kom attende. Det skjedde etter at NFD blei skipa på 1980-talet. NFD var ikkje eit utbrot av LfS. Dei av NFD-skiparane som forlet LfS kunne med god margin teljast på ei hand. NFD var, og er, eit naudsynt supplement til LfS. NFD blei ikkje skipa i protest mot Landskappleiken; snarare avdi LfS spreidde seg for mykje til bate for andre tilskipingar enn Landskappleiken og dei folkemusikk- og danseformene kappleiken er tufta på. Derfor forlet aldri NFD’arane Landskappleiken.

Kvifor har Landskappleiken samla på tvers av slike tankar og idéar? Ikkje fyrst og fremst avdi utøvarane forlet prinsippa sine i tevlingsiver, i kåtskap etter heider og PR, i premie-attrå. Landskappleiken samla på tvers av skiljelinene avdi han har vori og skal vera eit verktøy for å halda standard og kvalitet i folkemusikken, og såleis hegne om den delen av kulturarven me er sette til å forvalte. Eit verktøy for vedlikehald og utvikling av merksemd og forståing såvel kring sams liner som regionale skilnader og dialektar. Eit verktøy for å tufta dei nye kulturberarane sin vyrdnad for dei gamle formene all folkemusikk byggjer på; den mottakande generasjonen sin age for den overleverande og det han etterlet seg.

Landskappleiken skal samle utøvarane i landet til audmjuk tevling, under oppsyn av dei fremste kjennarane av folkemusikken og bygdedansen. I eigenskap av domarar skal dei gjera Landskappleiken ikkje berre til ein arena for den framifrå einskildprestasjonen, men også til eit akademi der utøvarane disiplinerast til ålment å tufte det nye på det gamle. Dét er nemleg grunnlova for all overlevert folkekultur.

Derfor blei det etterkvart klart at det ikkje var godt nok å lata hardingfeledomarane døma kveding, slik det opphavleg blei gjort. Vel forstod dei seg nok på kveding, men ikkje fyrst og fremst. Dessutan kunne ein knapt rekne med at dei var dei fremste forvaltarane av tradisjon, standard og kvalitet for den vokale folkemusikktradisjonen i dusifeleområda. I arbeidet med utvikling av domarskjema for kveding som gjekk føre seg tidleg på 1980-talet var eg på vegner av Setesdal Spelemannslag i kontakt med ein av dei som gjennom eigen kvedarkunst, eineståande sosial gjevnad og djup tradisjonsforståing var serleg skikka til å arbeide med skjemaet i Telemark – Olav Haugen. Både brevskiftet og skjemautkasta ligg dessverre for djupt i gøyma mine til at eg finn dei på standande fot. Men eg minnest at Olav og eg var samde om at styrken og songarstandarden på kvedaren si røyst ikkje var noko godt domskriterium. Skjemaet ein kom fram til var svært veleigna som reidskap til å taka vare på dei spesifikke og viktige kriteria Ingvill Marit peiker på i innlegget sitt. Med dét var skjemaet ein viktig reidskap i strevet for å føre vidare Landskappleiken si rolle som bolverk for tradisjon og kvalitet på norsk vokal folkemusikk.

Så blei domarskjemaet for kveding omlag eit tiår seinare omgjort, utan at det er lett å forstå at det var trong for dét. Det skjedde på eit vis som i større grad overlet til domaren og domsnemnda sjølv om, og korleis dei skal leggja standardane for kveding og vokal folkemusikk elles. Dessverre har det gått gale, slik Ingvill Marit så presist peikar på. Det er ingen grunn til å taka oppatt noko av det Ingvill Marit skriv, men skulle eg supplere henne, måtte det vera med ein påstand om at utøvaren sitt kommersielle potensiale no er eit viktig realkriterium for domarane, om dei aldri så mykje måtte neikte. Eg fører vidare Ingvill Marit sin overskrift: Kua set pris på premiestuten. Det er sjølvsagt fårleg å gje seg inn i dette ordskiftet for folk som ikkje alltid er blitt strokne med håra av domarane. „Låk tapar”-stempelen er det fort gjort å få på seg. All heider til Ingvill Marit for at ho overvinn denne motførestillinga. Eg har sjølv ein fyrstepremie i B-klassa; skulle sjølvsagt gjerne hatt ein til, utan å ha lykkast dei få vendene eg har prøva. Eg har fleire gongar gått ned av speltilet vel vitande om at eg hadde mislykkast. Men eg har også gått ned for så å bli bortdømd til bate for songarar med større kommersielt potensiale. Ikkje minst har eg sote i salen, høyrd kvedarar med særleg stor viktigheit for tradisjonsberarskapen, såleis for det vokale som folkemusikk, høyrd dei lykkast og likevel funne dei att på botnen av fyrstepremielista eller jamvel som andrepremievinnarar.

Eg er fritidspolitikar og kjenner godt politikarmåten å svara tomt på. Den nye formannen i LfS, Bergset syner i svaret sitt til Ingvill Marit – rundt, grunt og flatt – at han har stoff i seg til å tevla om bein i eitt eller anna karrieristparti. Som eg les svaret hans tek han ikkje Ingvill Marit ålvorleg på det viktigaste punktet hennars – domarar, domskriterium og døming. Eg vågar påstanden at det er avdi han ikkje veit betre. Etter Bibelen skulle eg då tilgjeva han. Det er vanskeleg hvis han og dei øvrige føresette for Landskappleiken ikkje syner snev av audmjukheit.

Ragnar Nordgreen