Det fyrste og kanskje siste NM i folkemusikk er over. Organisasjonane ynskjer som vanleg attendemeldingar på det meste. Her skal dei i alle fall få mi hjartans meining om utviklinga innanfor ”vokal folkemusikk”, og kvifor eg er komen til det punktet at eg faktisk sterkt vurderer å ikkje stille opp meir, det vera seg landskappleik eller NM.

Eg har vore ein trufast deltakar i A-klassa for ”vokal folkemusikk” på Landskappleiken i 10 år på rad. Under årets ”prøve-NM” var det inga kvalifisering eller klasseinndeling, berre ”seniorklasse” for alle over 18. Dette medfører ei særs lang og brokute førestilling, med stort spenn i nivå og prestasjonar. Ikkje er det godt for dei som skal deltaka, kvar med sine ambisjonar, og ikkje er det gunstig for publikum heller. Mange klaga seg over at dette blei langtekkeleg og slitsamt å fylgje med på. Landslaget (LfS) ser ut til å ha ein kongstanke om at ”jo meir me er saman, jo gladare me blir”. Men når resultatlista spenner frå 60 poeng til oppunder 140, er eg ikkje sikker på at alle blei så glade til slutt likevel. Om det er elitetenking, prestasjonsangst og forventingspress ein vil til livs, er dette totalt mislukka!

Mange har gjennom åra gått i strupa på domarkollegiet etter å ha kjend seg urettvist handsama og neddømt. Det har ikkje vore mi greie. Er ein med på leiken, får ein tole steiken. Eg har sjølv opp gjennom åra vore både på topp og i tet og lenger nede på lista. Som regel har eg sett ein samanheng mellom resultat, dagsform og domarane sin subjektive smak. Nokon gonger har eg vel tenkt at resultatlista har avspegla ei viss mangel på forståing for gamal songstil kontra klassiske og moderne songideal. Men aldri så klårt som i år. Etter årets døming, ser eg meg berre nøydd til å seia i frå kva eg synest om kva som blir vektlagt og ikkje. For eg veit rett og slett ikkje lenger kva det er eg konkurrerer i!


Eg er ein stor tilhengar av Ingebjørg Harmann Bratland. Ho syng frå hjarte til hjarte med eit raust og sympatisk vesen, og ei stemme som kan gjera det stort innan nesten kva som helst sjanger. Når eg vel å gå ut og protestere mellom anna på hennar utteljing og topplassering, vil eg understreke at det på ingen måte er ein kritikk av henne som utøvar eller artist. Det er eine og åleine ein kritikk retta mot domarane og ikkje minst dei som har plukka dei ut. 

”Vokal folkemusikk” er eit omgrep som skal femne musikalske dialektar innanfor folkesong frå heile landet. I Telemark og mange andre austlandsdalføre kallar me det ”kveding”, medan t.d. gudbrandsdølane kallar det ”å syngje gåmålt”. Mange stader har ein ikkje noko omgrep som skil ”den gamle songen” frå vanleg moderne song. Det er ikkje det same som at det ikkje er ein skilnad på gamal og nyare song også i desse distrikta. Det som er gjennomgåande er at den gamle songstilen er meir direkte og talenær. I tillegg har ein mange stader att ein gamlare og reinare tonalitet enn den meir begrensa pianoskalaen.  

Det har kome meg for øyret at domarane i år hadde ein diskusjon om kva som ligg i omgrepet ”Vokal folkemusikk” og i kor stor grad ein skal vektleggje gamle songideal. Ein fall visst ned på at dette ikkje kunne vera så viktig. Eg forstår ikkje at dette ein gong er noko å diskutere. Hadde nokon spurt meg, ville eg svara at eg er ikkje interessert i å konkurrere i vanleg song, der klassiske og moderne songideal bli likestilt med, eller kanskje til og med føretrekt framfor ”dei gamle greiene” eg driv med. Eg er jo fullstendig klar over at mange med klassisk bakgrunn eller ”tiltrekning” rett og slett ikkje heilt ut forstår eller respekterer dei ideala som eg og mine ”likesinna” forheld oss til. Me syng altså naturtoneskala, talenært, rett på konsonantane, flyt oppå takten, krullar inni og ikkje utanpå linene og kuttar der det passar oss. Ikkje fordi det er så viktig å ha ”den gamle slengen”, men fordi det er dette som er sjølve stilarten og det som tiltalar oss.

Domarskjemaet har rubrikkar for 1) teknisk dugleik, 2) stilkjensle, 3) musikalsk tolking og 4) formidling. Det er vel mykje her problemet ligg. Eg vil påstå at mange utøvarar i dag får alt for høg utteljing både for teknisk dugleik og musikalsk tolking i tråd med andre sjangrar enn den me eigentleg skal konkurrere i, altså vokal folkemusikk. I tillegg ser det heller ikkje ut til at dei får trekk korkje for mangel på teknisk dugleik eller stilkjensle innanfor sjangeren, t.d. når dei blandar inn element frå klassisk song, visesong, pop eller jazz. Slik blir dette dobbelt gale. For oss som har dei gamle songideala inn under huda er det heilt utruleg at det ikkje blir trekt skikkeleg for opplagt ”knoting” i sjangeren. Solide tradisjonsberarar ser på si side ut til å få trekk på teknisk dugleik fordi dei ikkje syng ”fint” etter klassiske/moderne ideal og/eller på grunn av nokre små nervøse glippar.



Eg er lei for at eg er den som må opne debatten (- om det i det heile blir nokon), mest av omsyn til Ingebjørg. Men me to hadde ein liten prat om kveding på laurdagskvelden, og ho veit kor mykje lukke eg ynskjer henne på vegen. Eg er sikker på at ho med hennar øyre og kunstnarsjel i framtida vil greie å skilje kvedinga frå dei andre tinga ho held på med. Inntil no er ho for meg ein fantastisk songar, men ein veldig ung og litt umogen kvedar. Og eg kjenner av same grunn at det blir veldig feil å bli dømd heile 7 poeng bak henne etter  dei prestasjonane me båe gjorde på Geilo. Eg er altså ikkje misnøgd med mi eiga plassering, men med kva kriterium som ser ut til å bli vektlagt. Skilnaden mellom Ingebjørg og meg som båe representerar Telemark, tydeleggjer problemstillinga på ein veldig klar måte, og difor er eg også nøydd til å ta utgangspunkt i nettopp oss to.  

Det kostar pengar og krefter å stille opp år etter år, men publikum og inspirasjon frå dei og andre utøvarar gjer at ein hoppar i det trass alt. No er eg likevel kome til det punktet at eg er usikker på om dette er ein arena der eg i det heile kjenner meg heime lenger. Elin Grytting, Ole Arnfinn Hagen og Jarnfrid Kjøk var domarar i år. Eg vil i alle fall vegre meg sterkt for å stille oppatt med dei same domarane bak bordet ei annan gong. Minst to av dei må ha ei veldig vid oppfatting om kva som er vokal folkemusikk og/eller kva som var oppgåva. Eg stiller vel også spørsmålsteikn ved om dei eigentleg har forhalde seg til retningslinene for døming på landskappleik eller NM i folkemusikk. Det er folkemusikk og ideal innafor dette me skal forhalde oss til i denne konkurransen, ingen ting anna.

Ingvill Marit Buen Garnås