Festivalprogrammet i år er prega av regionane rundt Haukeliseter, her er artistar frå Hardanger, Bergen, Haugesund, Setesdal og Vest-Telemark. Men festivalen har framleis med det nordiske elementet som har vore med heile tida, i år er det Sverige som står for det nordiske innslaget. Nytt av året er ei samling for 10-11 åringar torsdagen; tre skuleklasser frå Bykle, Vinje og Italia - til saman 100 stykke - skal ha eit opplegg med kveding, dans, uteaktivitet og konsert på Haukeliseter på dagtid. Og laurdag blir hardingfelekurs for vidarekomne elevar frå 4 fylke - Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Telemark. Lærarar her vil vera Knut Hamre, Daniel Sandén Warg og Ragnhild Knudsen.
I framkant av festivalen går to turnear i samarbeid med Den norske folkemusikkscena og med støtte frå Norsk kulturråd, éin turne med 4 unge hardingfelespelarar frå kvar sitt fylke i regionen, den andre med dei to svenske spelemennene Per Gudmundson og Ola Bäckström.
Artistar 2010
Per Gudmundson og Ola Bäckström
Fjellfolk
Knut Hamre og Turid Spildo Nerdrum
Daniel Sandén Warg
Sigurd Brokke
Annlaug Børsheim Trio
Kjell Hove & Inger Lien
4 unge spelemenn frå 4 fylke
Marie Tveiten
Rebecca Shaw Waage
Alexander Røynstrand
Tor Hoslemo
Om Haukeliseterfestivalen
Haukeliseterfestivalen har blitt arrangert sidan 2004 kvart år på Haukeliseter Fjellstove 1000 moh, på grensa mellom Telemark, Hordaland og Rogaland. Denne intime fjellfestivalen har utvikla seg til eit svært så hyggeleg musikktreff høgt til fjells. Filosofien bak arrangementet er å lage ein spennande møteplass for folkemusikarar, dansarar og publikum i storslåtte naturomgjevnader. Men Haukeliseter har også innandørs lokale som kler ein folkemusikkfestival godt: Nansensalen frå 1890 er ein av Telemark sine flottaste akustiske lokale både til konsert og dans.
Frå og med hausten 2009 er festivalen etablert som ei eiga stifting med kommunar og institusjonar frå dei fire fylka rundt Haukeliseter som stiftarar: Telemark, Aust-Agder, Rogaland og Hordaland. Eit unik kultursamarbeid på tvers av regionane er etablert.
Festivalen går i år føre seg frå torsdag 17.juni - sundag 20. juni.