Cd-utgjevinga ”Spelferd heim – slåttar frå Hardanger og Voss på durspel” er Rannveig Djønne frå Hardanger sin debutcd. Den har fått glimrande anmeldingar. Aftenposten gav den terningkast 5 med overskrifta ”Melodiøst og vakkert”. Same avis plasserte utgjevinga på lista over dei ti beste folkemusikkutgjevingane i 2009. Den vart og nominert til folkemusikkens eigen platepris Folkelarmprisen i klassa ”gamaldans/tradisjonalist”.
Rannveig Djønne fekk verkeleg sitt gjennombrot som nyskapande toradarspelar og komponist med ”Spelferd heim”. Ho er ein av dei særs få i landet som lever av å spela toradar på heiltid. På denne spelferda har ho med seg sitt eit utvalde stjernelag. Anders Hall er kjend frå gruppa ”Sver”. Han medverka m.a. og i ”Taus” – prosjektet til Sigrid Moldestad som vann spelemannspris i 2009. Inger Elisabeth Aarvik er ein nyskapande organist som nyttar mykje folkemusikk i kyrkjene i Ullensvang. Tuva Syvertsen er kjend frå m.a. gruppa Valkyrien Allstars. Alle desse tre er med på cd-utgjevinga til Djønne.
”Djønno Folk” (Hall/Aarvik/Djønne) skal og spele under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i sommar. Djønne som solist er også hyra inn m.a. på Den Norske Folkemusikkveka på Ål.
Turnérute:
Onsdag 7.april kl. 1900: Bjåen Fjellstove, Bykle kommune (Trio utan Tuva Syvertsen)
Torsdag 8. april kl. 2000: Egdefolk (Haandverkeren), Kristiansand (Trio utan Tuva Syvertsen)
Fredag 9. april kl. 1900: Nordberg Fort, Lista
Laurdag 10. april kl. 1900: Deltaking på Folkemusikk-kafè i Odda Ungdomshall
Sundag 11.april kl. 1800: ”Tre Brør” på Voss
Måndag 12. april kl. 1900: Løo på Seim i Granvin, Hardanger