Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tindra

Den kvite hjorten

CD-omslag - Den Kvite Hjorten - Tindra

CD-omslag - Den Kvite Hjorten - Tindra

Ein vinterdag i 2007 sat Åshild Vetrhus ved radioen og lytta til NRK P2. Ho vart fanga av ei sterk historie om ein einsam hjortekalv i ein kald vinterskog. Det viste seg å vere forfattaren sjølv, Jan-Magnus Bruheim, som las frå boka Den kvite hjorten. Radioprogrammet om Bruheim vart spira for det som no har blitt cd og familieframsyning.

Den kvite hjorten er ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Me fylgjer hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap gjennom musikk med tydeleg Tindra-signatur.

Med på CD og framsyninga er også Helge Jordal: ”For en gammel bygutt med røtter i rock’n roll og erfaring fra store musikaler, er det en frydefull åpenbaring å få være med i Tindras musikalske verden. Å bygge opp en musikalsk forestilling sammen og å få være med dem å lage CD, har vært veldig inspirerende og lærerikt for en som er glad i musikk og glad i teater! Barn har så få tilbod. I fine festtalar blir det alltid sagt at ein skal satse på born, men det skjer ikkje. Eg blir så glad når nokon gjer skikkelege ting for born”, seier Helge Jordal.

Medverkande:
Tindra: Åshild Vetrhus, folkesong - Jorun Marie Kvernberg, fele og hardingfele - Irene Tillung, akkordeon. Helge Jordal: opplesing og song Barnekor: Selma Moren Aanes, Zakarias Meyer Øverli, Sara Meyer Øverli, Mariam Kvernberg Dajani og Hannah Kvernberg Dajani Tekst: Jan-Magnus Bruheim Musikk: Tindra


Tindra er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland (folkesong), Jorun Marie R. Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung (1977) frå Voss (akkordeon). Tindra har halde konsertar i Europa og Asia og har spelt saman sidan 2000. Frå 2007 har gruppa fått Norsk Kulturråds ensemblestønad. I 2006 vart den første cd-en sleppt - Lukkeleg vaking (ta:lik) som blei nominert til Spellemannprisen.

Jan-Magnus Bruheim (1914 – 1988) gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange år. Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år i Bremanger i Sunnfjord. I seinare bøker vart diktninga prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt. Bruheim skreiv mest lyrikk og barnebøker. Bruheim fekk ei rekkje prisar for barnebøkene sine.

 

Kjelde: Talik


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk