Den kvite hjorten er ei familieframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett dei 61 versa på rim, og på Førdefestivalen legg dei saman med Helge Jordal og elevar frå Førde kulturskule ut på ei musikalsk reise i den kviten hjorten si verd.

Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp.

På Førdefestivalen laurdag 4. juli vert det urpremiere på tingingsverket og plateslepp av albumet ”Den kvite hjorten” med musikk og tekst frå framsyninga.


Framsyningar:
Laurdag 4.juli: Teatersalen, Førdehuset: kl 1330 (Premiere og plateslepp)
Søndag 5. juli: Teatersalen, Førdehuset: kl 1200

 

Medverkande:

Den kvite hjorten: Helge Jordal
Tindra: Åshild Vetrhus, folkesong - Jorun Marie Kvernberg, fele og hardingfele - Irene Tillung, akkordeon
Hjorteflokk, korpeflokk og kor: elevar ved Førde kulturskule
Marita Hesjedal: regi
 
Tekst: Jan-Magnus Bruheim
Musikk: Tindra
Dramaturgi og scenografi: Marita Hesjedal
Kostyme: Svanhild Dvergsdal
Masker: Marthe Brandt


Tindra er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland (song), Jorun Marie R. Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung (1977) frå Voss (akkordeon). Trioen møttast på Noregs Musikkhøgskole, og har spelt saman sidan 2000. I 2006 ga trioen ut deira første cd ”Lukkeleg vaking” (tal:ik records) som blei nominert til Spellemannprisen.

Jan-Magnus Bruheim
(1914 – 1988) gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange år. Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år i Bremanger i Sunnfjord. I seinare bøker vart diktinga prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt. Bruheim skreiv mest lyrikk og barnebøker, og fekk fleire prisar for barnebøkene sine.

 

Alle foto: Oddleiv Apneseth