Bygda dansar er eit folkedansprosjekt for ungdom, som ambulerar frå fylke til fylke, og arbeider med opplæring i lokal dansetradisjon og bruk av folkedans på scena. Lea de er eit danseprosjekt i regi av Bygda Dansar og er retta spesielt mot ungdomar i Oppland. Prosjektet starta i 2007 og avsluttast i sommar. Godt og vel 100 ungdomar har vore innom Lea de i ulik grad, og 50 av desse har deltatt gjennom alle tre åra.
>> Les artikkelen – Når bygda skal lære seg å danse (bladet Folkemusikk)
Flate steinar er til å sitje på
Uttrykket ”Flate steinar er til å sitja på” kjem frå den underlege karakteren Mattis, eller ”Tusten”, som er kjent frå romanen ”Fuglane” av Tarjei Vesaas. Koreograf Sigurd Heide har henta inspirasjon frå Mattis og spelet kringdet å vera annleis, utan å følgje historia slavisk.
Lea de freistar å setje søkelys på mennesket som fell utanfor ramma av det normale, og kva som kan høyre heime innanfor denne. Ved å bruke folkedans frå Oppland, ballett, samtidsdans og levande musikk som scenespråk ynskjer ”Flate steinar ” å syne ein stad der det rare kjem i fokus. Utan å sitje på svaret utfordrar dansarane oppfatninga av det å vera annleis!
Medverkande på dans:
Ingeleiv Berstad
Matias Rønningen
Magne Kleiveland
Dansensemble frå Lea de - Bygda dansar i Oppland
Koreograf Sigurd J. Heide |
Medverkande på musikk:
Nina Fjeldet- musikalsk ansvarleg
Jan Beitohaugen Granli
Stein Villa
Musikkensemble frå Lea de - Bygda dansar i Oppland
Sigurd J. Heide: koreografi
Øystein Figenschou - komponist for eit hardingfeleverk på grønt stille som blir brukt på siste scena!
FRAMSYNINGAR
Oslo, Dansens Hus
Fredag: 7. mai kl.19
Laurdag: 8. mai kl. 19
Sundag: 9. mai kl. 19
Måndag: 10. mai kl. 19
Tysdag: 11. Mai kl. 19.
Bergen, Folkedansfestivalen
Torsdag 1. juli
Fagernes, Fagernes kulturhus, Jørn Hilme- stemnet,
Torsdag 29. juli
VIDEO FRÅ FRAMSYNINGA