Utvalet skal vurdere bladet si rolle på folkemusikkfeltet og i det generelle mediebildet. Arbeidsutvalet skal også vurdere eigartilhøva, økonomi, profil, formål og format for eit nytt tidsskrift, og sjå dette i samband med faglege publikasjonar som t.d. årboka, og medlemsinformasjonen frå organisasjonane. Utvalet skal også kome framlegg om nytt namn på bladet.
Utvalet er sett saman slik:
Bente Riise - redaktør i Syn og Segn, leiar for Norsk Tidsskriftforening og leiar av utvalet
Bjørn Hammershaug – ansvarleg redaktør for groove.no og tidlegare journalist på ballade.no
Johanne Landsverk – journalist i Forskerforbundet sitt tidsskrift Forskerforum
Hege Nylund – lærar, kvedar og styremedlem i NFD
Knut Aastad Bråten – redaktør for Spelemannsbladet, langeleikspelemann og sekretær for utvalet
Utvalet skal levere sin rapport til styra i NFD og LfS i byrjinga av juni.