Fant-Karl
Spelemannsarven
Prosjektleder Mary Barthelemy kom i 2007 med boka ”Spellmann på dromen”, som på ein artig og grundig måte fortel om Karl Rosenberg og den spennande historia hans. Denne CDen fyller ut bildet av meisterspelemannen og vandraren. Den inneheld livlege, melodiøse slåttar og mange valsar som har vore ein del av norske bygdespelemenn sitt repertoar i snart 200 år.
Nye perspektiv og tankar rundt taterane og dei reisande i Noreg har gjort det aktuelt å gå inn i folkemusikksamlinger på leiting etter slåtter med tilknytning til ”Fant-Karl”. Fleire hundre enkelkutt av omkring 50-60 “Fant-Karl”-slåttar, tatt opp frå 1930-talet og fram til 2008, er grunnlaget for denne utgjevinga. Låtane er spela på hardingfele, vanleg fele, langeleik og torader, eller tralla av forskjellige utøvarar fødd mellom ca.1890 og 1980.
Atle Lien Jenssen i Spelemannbladet var begeistra, og meinte: ”Dette er ei plate som soleklart forsvarer sin plass i dagens økende flora av arkivutgivelser. Norge hadde vært fattigere uten disse. Spellemenn og andre folkemusikkinteresserte vil her finne interessant og høreverdig stoff.”
Ta.lik har-denne-gongen gravd djupt i arkiva til NRK og Norsk folkemusikksamling. Utgjevinga fekk også terningkast fem hos Oppland Arbeiderblad og HamarArbeiderblad.