Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Åse Teigland

Stille_Åse_Teigeland_foto_norcd

"Det energiske, vare, dramatiske, lyriske som slåttemusikken innbyr til, der det alltid er noko nytt å oppdaga, noko annleis å henta – ein liten variasjon med stor meining, eit strøk, ei frase, og ein har noko anna enn forrige gong – det er det som driv meg", skriv hardingfele-musikaren Åse Teigland om si nye utgjeving "STILLE".

Denne gongen er det dei ulike felestilla i slåttespelet som er hovudfokus. Dei har alltid fascinert Åse Teigland. Hardingfela endrar karakter når ein stemmer om, og med ulike stille finn dei einskilde spelekvinner og menn, slåttar med eigne fargar og klangar. Teigland framviser sterkt personleg og fargerikt hardingfelespel, og er blant dei fremste unge spelkvinnene i dag.

Åse Teigland er frå Utne i Hardanger og vart den første kvinnelege hardingfelespelar som vann førsteplassen i eliteklassa/hardingfele på Landskappleiken i 2005. Ho har turnert landet rundt, både som soloartist og i samspel med andre (Dei beste damene m. fl.). Ho har også delteke på ei rekke internasjonale konsert og turnéprosjekt, og har gjeve ut fleire kritikarroste CDar.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk