Først av alt, Knut Buen: Er det sjølve prisen eller forma på fjernsynssendinga som du her kritiserar?
- Både og. Spelemann er eit omgrep og ei nemning, og har alltid vore forknytt med slåttespel. Det har vore ein heidersnemning innan folkemusikken, men er no gradvis redusert. I dag heiter det ikkje Spelemannbladet, men Bladet Folkemusikk. Det heiter óg FolkOrg, og ikkje Laget for Spelemenn. Når miljøet sjølv ikkje tar vare på desse heidersnemningane, kan vi nesten ikkje forvente at andre viser respekt for dei.
Nett ”respekt” er noko som Knut Buen synes at Spellemannprisen i dag manglar.
- I dag kan kreti og pleti bruke spelemann-nemninga om seg sjølv. Men etter mi meining følgjer det nokre vilkår med namnet. Det handlar om ein inspirert musikar som diktar ut frå liv og lagnad, ikkje om kven som kan blende omgivnadene med ljod og ljos. I dag får korkje folkemusikken eller kunstmusikken plass i Spellemannprisen. Dei såkalla smale sjangarane, som kanskje slett ikkje er så smale, blir borte i alt rabalderet. Eg synes resultatet blir lite originalt, og legg seg på eit nærmast primitivt og lågt nivå.
- Du kan sjå på Idrettsgallaen til samanlikning. Han står fram som stilig, og med respekt for seg sjølv. Under Spelemannprisen handlar det derimot i mange høve om å oppføre seg mest mogleg pøbelaktig. Det er TV2 og Spelemannkomitéen som må svara for det. Når dei sjølv tenker så primitivt, og har ei så stor redsle for det seriøse, blir resultatet deretter. Kvar gong dei seier at dei har ”forbetra” showet, har det i røynda vore ei forverring. Ein musikar skal jo gripe folk, ikke berre blende dei.
Knut Buen har sjølv vore nominert til Spellemannprisen ved fleire høve, og har vunne harpa både i 1992 og 1994. I dag synest han ikkje den er stort verd, men har han sjølv nokre tankar om alternativ som kunne vore betre?
- Eg synes det har gått så langt at det mest er likegyldig med alternativ. Musikk treng heller ikkje å bli rangert. Det er forskjell på sport og musikk. Men det fortel ikkje Spellemannprisen oss, og heller ikkje dei fleste kritikarane i dag. Det blir berre bla-bla-bla.
- Spellemannprisen er berre ei masseprodusert bronseharpe. Den er ikkje meir verd enn ei løvetann i blomstringstida, seier Buen. – Det kostar rundt fem tusen å ta i mot prisen, når ein reknar med hotell og alt slikt. Det blir rett dyr peispynt og juggel. Og den er ikkje ein gong den største musikkprisen her heime. Andre prisar inneber verkeleg heider, og kostar vidare utdanning for dyktige musikarar. Eg var til stades på den fyrste utgjevinga av Spellemannprisen. Det har vore mykkje hygge, men etter kvart har det aspektet drukna i alt bråket og ståket.
Ser du ingen måte å auke statusen til Spellemannprisen på?
- I så fall må dei ansvarlege gå ein heilt annan veg. Ein må våge å stole på kvaliteten i det klassiske, og ta inn ordkunstnarar med seriøs ordbruk i programmet. Ein må kort sagt opne opp for kvalitetsinnslag, og redusere dei kommersielle innslaga. I dag fortel Spellemannprisen oss i praksis at pop og underhaldningsmusikk er meir verd enn til dømes folkemusikken.
Men Marte Thorsby i Spelemannkomitéen hevdar at utøvarane er godt nøgde med utgjevinga slik ho er i dag?
- Eg skjønar godt at dei er nøgde, dei som slipp til. Men eg har snakka med mange musikarvener dei siste dagane, og nesten ingen av dei har sett programmet. Det har ikkje lenger nokon interesse, så dei ser på det mest som tøys. Og ikkje alle som kjem på skjermen ser like komfortable ut, heller. Ein ser jo korleis dei vrir seg, om dei føler at dei ikkje framstår som amerikanske nok.
Knut Buen fortel mot slutten av intervjuet at han ikkje vil noko vondt med utspelet sitt.
- Vi kan sikkert ha ulike syn på dette, men dette er altså mitt. I dag ser vi at unge musikarar får to til tre prisar, når dei eigentleg knapt har kome i gong med karriera. Det bør ikkje vere slik at det berre er hip hop, rock og pop som tel.
- Så ja – eg trur det er viktig med debatt.
Eventuelt større innlegg kring denne saka må gjerne sendas til info@folkemusikk.no. Den opphavelege saka hos NRK Telemark finn du på denne lenka.