Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Wiik, Kjersti

kjersti_wiik

Songar innan både folkeleg og klassisk songtradisjon

Kjersti Wiik er ein allsidig utøvar innan både folkeleg og klassisk songtradisjon. Tek oppdrag både som songar og kvedar-instruktør. Har drive eit stort innsamlingsarbeid innan folkesongtradisjonen innan ytre delar av Hordaland. For dette arbeidet mottok ho i ´96 Hordaland fylkeskommune sitt kunstnarstipend, stipend frå Ole Bulls Fond ´97 og ho er også domar i vokal folkemusikk. Tilbyr konsertprogram av ulik karakter, både kyrkjekonsertar og konsertar i verdsleg samanheng - gjerne i samarbeid med kor og lokale instrumentelle utøvarar. Turnerar med ulike barneprogram.

 

Diskografi


- Strilesølv
- Ro, ro til Siraland

 

Konsertreferansar


- Festsp. i Bergen - Troldhaugen - Telemarksfestiv. - Den Nationale Scene. - Stor konsertverksemd med m.a. S. Bratland, I. Kleive og E. Mjølsnes - Turnear i Danmark, Litauen, Latvia og USA


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk