Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vetrhus, Åshild

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

Kvedar frå Suldal i Rogaland, fødd 1978

Vetrhus har fireårig musikkpedagogisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole og grunnfag i musikk frå NTNU. Vetrhus er frilans musikar, komponist og pedagog og underviser som timelærar i instrumentaldidaktikk ved Norges Musikkhøgskole. I 2009 skriv ho saman med gruppa Tindra tingingsverket ”Den kvite hjorten” til Førde internasjonale folkemusikkfestival. Vetrhus er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken. Ho er med i Tindra (2000), Salikatt (2006) og samarbeider med kvedaren Solbjørg Tveiten og organisten Sigbjørn Apeland om prosjektet Hjem jeg lenges – gravferdsalmar i vår tid. Saman med Tindra har ho eit prosjekt saman med den georgiske songaren, pianisten og komponisten Russudan Meipariani. Frå 2006 til  2009 var Åshild Vetrhus styreleiar i Norsk folkemusikk- og danselag (NFD) og førte organisasjonen inn i ein samanslutning med Landslaget for Spelemenn til den nye Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg, der ho er nestleiar.
 

Diskografi

2009 Den kvite hjorten - Tindra (ta:lik)
2008 Bergteken  - div. artistar
(Folkemusikkarkivet for Rogaland)
2007 Ein heilt gul måne – div. artistar  (SueTunes Records)
2006 Lukkeleg vaking - Tindra (ta:lik)
2006 Gjenklang – div. artistar (Grappa)
2006
Juledrøm, med Majorstuen (MFC) - (produsent)
2005 Tvilevise – med Gry Oftedal (Mutant)

Prisar


2006 Nominert til Spellemannspris for Lukkeleg vaking

2005 Finalist med Tindra i INTRO-folk
2004 Kulturstipend frå Suldal kommune

Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk