”Dette er som å sleppe sine små, kvite fuglar ut i natta utan å vite om dei greier seg eller om nokon tek imot dei”, skriv Unni Boksasp i omslaget til den nye plata. Sjølv om ho er ein erfaren artist, er dette hennar debut som tekstforfattar og låtskrivar.

Kvite fuglar inneheld nykomponert musikk, men det er heile tida folkemusikken som ligg som grunnstamme, inspirasjon og reiskap når ensemblet spelar saman. Også når det gjeld tekstene, som alle er på nordmørsdialekt, er mykje av inspirasjonen henta frå folketradisjonen både i oppbyggjing, symbolbruk og rytme.

Unni Boksasp ensemble har hausta gode kritikkar for si vidareføring av samspeltradisjonen i den norske folkemusikken. ”De maler med sterke farger og lager noe sammen som jeg ikke har hørt før. Det blir musikk med en tydelig signatur!”, sa Kjetil Bjørgan i Kulturnytt på p2, ”…dyp tradisjonkunnskap kombinert med stilsikker kunstnerisk fornyelse…” var noko av karakteristikken til juryen som kåra Keramello til beste samspelplate 2010.

I tillegg til Boksasp sjølv (vokal/ zitter/ dulcimer), består ensemblet av Jorun Marie Kvernberg (fele/ hardingfele), Trygve Brøske (tangentinstrument), Olav Mjelva (fele/ hardingfele), Magne Vestrum (kontrabass) og Petter Berndalen (perkusjon). Produsent på Kvite fuglar er Jørund Fluge Samuelsen.

I samband med platesleppet legg Unni Boksasp Ensemble ut på turne:

  • 26. februar: Straumsnes, Tingvoll
  • 27. februar: Kristiansund
  • 28. februar: Trondheim
  • 1. mars: Riksscenen, Oslo
  • 2. mars: Rjukan, Tinn

I desse dagar er Unni Boksasp sentral i det nye kulturprogrammet til NRK, Folk:LAB, som opnar Kulturstripa 2013.

Sjå musikkvideoen til låta "Vestlandsspellmann"

Kvite fuglar blir gjeve ut av plateselskapet UBE. Her finn du heimesidene og facebooksidene til Unni Boksasp Ensemble.