Trysil-Knut-Leken er eit årleg folkemusikk- og dansestevne i Trysil. Dette er ein møtestad der både musikarar, dansarar og publikum møtast for tevlingar, konsertar, seminar og dansefestar kvar haust. I år er det sjette året på rad Trysil-Knut-Leken blir arrangert, og det er Trysil-Knut Dans og Spelmannslag som står som arrangør. 

Set fokus på tradisjonsmusikk frå Trysil

Arrangementet opnar fredag kveld med solokonsert med Else Myhr. Ho har dei to siste åra vore tildelt Hedmark Fylkeskommune sitt arbeidsstipend for kunstnarar, og har nytta denne tida til å fordjupe seg i tradisjonsmusikken i Trysil og Engerdal. Denne konserten er avslutninga på stipendperioden og publikum vil få høre meir eller mindre ukjente leikar frå området. Seinare på kvelden vert det dansefest med Tørbergsgutta. 

Noko for alle

Laurdag vert det tevlingar, og i år er det sett opp pengepremie til vinnaren i lagspel junior, lagspel senior, lagdans junior og lagdans senior. 

Parallelt med tevlingane går kurset Syng folkesang med Maria Röjås og Perjos Lars Halvarsson frå Lima i Väster-Dalarna. Det vert også arrangert ei eiga ungdomssamling, der Finnskogspols i dans og spel er tema. Samlinga er i samarbeid med Lek Østa! - Bygda dansar Hedmark, og instruktørar er mellom anna Veslemøy Nordset, Anne Marit Jota, Klas Anders Haglund. Utover kvelden vert det festmiddag, Felegurines flatfeleshow og dansefest. 

Helga vert avslutta med meisterkonsert og premiutdeling sundag føremiddag. 
Arrangørane lovar ei triveleg helg i Trysil!
 

> Sjå fullt program for Trysil-Knut-Leken