Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Trio Hardanger

triohardanger

Hardingfeletrio med Frank Rolland, Knut Hamre og Åse Teigland.

Tre felespelarar som har kjent kvarandre i årevis, lært av kvarandre, hatt konsertar, laga plater saman og tilført kvarandre mengder av inspirasjon.

Aller er dei sterke individualistar, men utan at nokon veit når, starta Knut Hamre, Åse Teigland og Frank Rolland å spela i lag. Ein ny energi vart utveksla, og solistane henta fram sider ved seg sjølve dei ikkje visste om.

I samspelet av tradisjonelle slåttar brukar Trio Hardanger musikalske grep som sjeldan eller aldri før har vore høyrt frå norske spelemenn. Med inspirasjon frå andre musikkuttrykk hentar dei fram ei gnistrande kraft i samspelet. Musikken vert framført med stor intensitet, sikker presisjon, klangrike arrangement og den einskilde sin frie improvisasjon.
 

Diskografi


2000: Håstabøslåttar Heilo/Grappa, nominert til Spelemannsprisen.
2003: Trio Hardanger 2L
 

Konsertreferansar


Hardanger Musikkfest, Den norske folkemusikkveka i Ål, Folkemusikkpøbben i Oslo, turné med Håstabøslåttar i Hordaland og Telemark

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk