Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tre Begrædelige Piger

begredelig

Folkemusikkgruppe skipa vinteren 2001

Folkemusikkgruppa Tre Begrædelige Piger vart skipa vinteren 2001, og har på kort tid etablert seg som ei av dei leiande nye folkemusikkgruppene i landet. Trioen som består av Ingunn Stræte Sørbøen, Gro Kjelleberg Solli og Britt Elise Skram møttes på Noregs Musikkhøgskule i Oslo der alle studerte folkemusikk. Namnet kom til dei på ei tid der dei var litt "begrædelige", då alle mangla kjærast og alt såg litt svart ut. Våren 2003 utframførte dei eit musikkstykke som var skrive av Jo-Asgeir Lie, og vart kalla Vinterliv. Lie komponerte stykket i ti satsar, der tekstane var henta fra lokale lyrikarar. Trioen urframførte verket under Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Dei har også hatt eit eige pragram i Folkemusikktimen NRK P2 der dei laga eit timelangt program om gruppa og musikktradisjonen sin, og dei vart nr. 3 i Åpen Klasse både under Landskappleiken og Landsfestivalen 2003.
 

Diskografi


Til deg  (2004, KVARTS)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk