Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tørvikbygd

Foto Oddleiv Apneseth

Foto Oddleiv Apneseth

”Tørvikbygd” er ein folkemusikktrio med base i Hardanger og Bergen.

Musikken me spelar byggjer på tradisjonsmaterialet frå bygdene i Hardanger, der songaren vår, Solbjørg Tveiten, har røtene sine. Me byrja å jobbe saman i 2004.

Gjennom arrangering og samspel set me vårt personlege preg på framføringane av tradisjonsmaterialet. Me ynskjer og formidla dei sterke, morosame, triste og spennande historiane som ligg i dette tekst, - og melodimaterialet.

Repertoaret femnar om alt frå religiøse folketonar og balladar til viser og slåttetrallar. Dette er songar Solbjørg har lært seg frå lokale tradisjonsberarar, lydband og noter. Sjølv om tradisjonsmaterialet er utgangspunktet for alt me gjer, set me vårt personlege preg på stoffet, med arrangement som speglar vår interesse for ulike musikalske uttrykk, m.a. renessansemusikk og improvisert musikk.

Folkesongaren Solbjørg Tveiten kjem frå Tørvikbygd i Hardanger. Ho har utdanning frå Ole Bull-akademiet, Norges Musikkhøgskole og mastergrad frå Høgskulen i Telemark. I dag jobbar ho som frilans songar og songpedagog. Solbjørg har hatt konsertar på t.d. Førdefestivalen, Festspela i Bergen, Hardingtonar og Osafestivalen, og ho har turnert for Rikskonsertane. Ho samarbeider elles m.a. med Sigbjørn Apeland, Synnøve Bjørset og Gro Marie Svidal.

Silje Therese Hegg (seljefløyte, tverrfløyte, blekkfløyte og song) kjem frå Vinje i Telemark, men bur for tida i Bergen. Ho har studert musikk ved Lærarhøgskulen i Bergen og Høgskulen i Telemark. Ho er ei av våre fremste utøvarar på seljefløyte og har vunne Landskappleiken i 2001, 2002 og 2003. I konsert-, turne- og festival-samanheng har ho m.a. samarbeidd med t.d. Tore Bruvoll, Nils Økland og Odd Nordstoga – sistnemnde spelte ho m.a. saman med i gruppa ” Blåmann, Blåmann" som gav ut plate i 2001.

Olav Tveitane (gitar, cister og song) kjem frå Bergen. Han har studert musikk i Århus i Danmark og ved Griegakademiet i Bergen. Olav har vore aktiv som musikar i over 25 år, og var mellom anna med å starte opp den fylkeskommunale folke-musikkgruppa i Sogn og Fjordane i 1990. Han har delteke på ei rekkje konsertar, turnear og festivalar i inn- og utland, og har medverka på fleire CD-produksjonar, m.a. med Finn og Øyvind Vabø, Gabriel Fliflet og Ole Hamre, og i gruppa Spindel saman med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken.

 

Diskografi

Tørvikbygd (2008, Lærdal Musikkproduksjon)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk