Ved inngangen til Hardangervidda Nasjonalpark, på 1000 meters høgde ligg fjellstova Haukeliseter. Sidan 2004 har dette vore staden for den årlege folkemusikkfestivalen Haukeliseterfestivalen. Måndag tjuvstarta festivalen med ein miniturné rundt om i øvre Telemark med Anbjørg Lien, Catriona Macdonald og Damien O´Kane. 

Lajla Renate Buer Storli
- Når det er stress, og det stormar rundt ein, er det ikkje så verst å vera på Haukeliseter i sol, meiner Buer Storli.

- Festivalen nærmar seg med stormskritt no. Me er godt i gang med turneane, og det har vore bra med folk og flotte konsertar. Det er ei god oppvarming til festivalen, fortel festivalsjef Laila Renate Buer Storli som meiner Haukeliseter er ein bra stad å vera når festivalstresset kjem sigande på. 

Torsdag er det klart for festival i fjellheimen.

- Me har som vanleg henta utøvarar frå øvste hylle. Artistar som Annbjørg Lien, Catriona Macdonald, Kirsten Bråten Berg, Knut Buen, Øyonn Groven Myhren, Gabriel Fliflet,  og Susanne Lundeng med fleire skal alle saman lage store musikkopplevingar på jubileumsfestivalen. 

I samband med jubileet steller arrangørane òg i stand ein eigen kveld for vertsfylket Telemark. 

- Me har vore så heldige at Knut Buen er med på å sy saman denne hendinga for oss. Med seg har han kvedar Anne Gravir Klykken, saksofonist Kjetil Flatland, og dansarane Ann- Christin Kongsness og Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas. Dette blir gamalt og nytt saman, i eit spanande konsept, lovar ho. 
 

"Det blir mykje jamming, dans, liv og røre."

 

Spel for livet
Jamming på Haukeliseter

​Ei fantastisk ramme

Den lille fjellfestivalen har blitt eit hyggeleg musikktreff høgt til fjells med konsertar, dans, kurs, kulturutflukter, og uformelt samver tett på den storslåtte naturen rundt Haukeliseter. På spørsmål om kva som kjenneteiknar festivalen, er det særleg ein ting festivalsjefen meiner er spesielt med festivalen. 

- Den intime stemninga, og det tette møtet mellom artistar, publikum og frivillige. 

- Eg kjenner at musikken kjem heim i dette elementet. Tidlegare vandra spelemenn over fjell for å møte kvarandre og spele ilag. Å være der, i møtet mellom musikarane og naturen, er sterkt. Slåttene hører på ein måte heime her oppe på fjellet. Det er ei fantastisk ramme her oppe. Ein kjem tett på naturen, og tett på musikken. 

- Kva ser du fram til på årets festival?

- Eg gler meg til at både artistar og publikum kjem opp hit, og at det vert liv og stemning på Haukeliseter. Det blir mykje jamming, dans, liv og røre. Og så er det alltid stort med Haukeliseter Spelemannslag, der alle artistane på festivalen deltek, seier ein entusiastisk festivalsjef.

Torsdag opnar festivalen med konsert med studentar frå Raulandsakademiet og Ole-Bull akademiet. Festivalen held på fram til og med laurdag.
 

> Sjå fullt program her