Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Thorsheim, Anette

Anette Thorsheim

Spelar torader, busett i Nordhordland

Anette Thorsheim, busett i Nordhordland, spelar torader og overfører hardingfele- og feleslåttar til sitt eige instrument på sin eigen måte.

Anette har bakgrunn frå folkemusikklina ved Valle vidaregåande skule i Setesdal, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, folkemusikkinstitusjonen (1999-2004), og er master i tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark (2004-2007). Spelelærarar har vore Atle Lien Jenssen, Einar Mjølsnes, Arne Anderdal, Ellika Frisell, Sven Ahlbäck og Tom W. Rustad. Ved sida av studia har ho jobba ein del som musikar, både solo og ensemblespel i ulike konstellasjonar, konsertar, dansespel og teatermusikk. Ho underviser / har undervist på torader i kulturskule, folkehøgskular og på høgskulenivå i Noreg og Sverige, i tillegg til ymse kursverksemd.

Ho spelar mest slåttar frå Hordaland og i Hedmark-tradisjon, og har i tillegg gjennom samspel med andre spelt tradisjonsmusikk frå t.d. Uppland og Bohuslän i Sverige. Ho samarbeidar med fele- og hardingfelespelaren Jeanette Evansson, og spelar i gruppa OLEMAN. Ein trio med Ebba Jacobsson, song, Jonas Åkerlund, strengjeinstrument og feler, presenterer songtradisjon etter Ola R. Midtbø frå Masfjorden.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk