Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som tek sikte på å presentere god musikk i eit mangfald av uttrykk frå heile verda.

- Me vil gi deg ei unik samling av inntrykk og uttrykk. Her kan du oppleve alt frå nye låtar og moderne arrangement av gamle folketonar, til akustiske framføringar av slåttespel og tradisjonell kveding – frå det vakre, vare og nære til det intense, medrivande og heseblesande, skriv festivalen i programbladet.

Plakaten vært i år toppa av Odd Nordstoga og Ingebjørg H. Bratland med deira prosjekt ”Heimafrå”. Vidare står fleire internasjonale namn på programmet svenske Väsen, finske Kardemimit, dansk/færøyske Danjàl, skotske LAU, svensk/norske Sver & Snakka San. Publikum kan elles få med seg Atlanter, Tassili, Mattis Kleppen, Earlybird Stringband, Sudan Dudan, samt dei lokale banda Ugras og Byting.

Festivalen har i år utvikla fleire skreddarsydd konsertar med både jubileumskonsert, minnekonsert og tingingsverk. 

Jon-Elling-Buen-Garnås-570x375
MINNEKONSERT: Mange utøvarar og publikummarar kjem for å minnest Jon Elling Buen Garnås, som brått gjekk bort i fjor vår.

Minnest ”Høvdingen”

I fjor vår kom den triste meldinga om munnharpespelemannens Jon Elling Buen Garnås bortgang. I samband med årets festival er det laga ein minnekonsert for munnharpespelaren frå Bø.  

- Det er særs mange som aldri kjem til å gløyme Jon Elling, og me ønskjer å heidre minnet hans med denne konserten. Eit lite knippe av vener og familie framfører musikk i Jon Elling si ånd, og overskotet etter denne konserten går til Jon Ellings minnefond, heiter det i omtala av konserten. 

Under minnekonserten kjem Per Anders Buen Garnås, Ingvill Marit Buen Garnås, Hallvard T. Bjørgum, Sudan Dudan, Anders Erik Røine, Ole Bjørn, Tuva Syvertsen, Daniel Sandén-Warg, Torstein Askildt og bandet Byting til å opptre. 

Susanne Lundeng[1]
TINGINGSVERK: Susanne Lundeng framfører ny musikk saman med Catriona Macdonald under Telemarksfestivalen.

Tingingsverk i tradisjon tru

Telemarksfestivalen har ein sterk tradisjon for tingingsverk. I år er det dei to felespelararane Susanne Lundeng frå Fleinvær utanfor Bodø, og Catriona Macdonald frå Shetland som står for tingingsverket som vert framført i Gullbring kulturanlegg fredag kveld. Lundeng og Macdonald har også invitert med seg Claire White, Maja Gravermoen Thoresen, Anders Hall, Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås til tingingsverket.

100-årsjubileum for Anund Roheim

Festivalen vil elles feire 100-årsjubileum for meisterspelemannen Anund Roheim, med felespel og amcar-parade. Bø juniorspelemannslag, Spelemannslaget Bøheringen og Loretta Kelley frå Hardanger Fiddle Association of America spelar på Bø stasjon, før Eagle Car Club visar frem nokre av glisa som Roheim brakte over frå «Junaiten» i ein parade i Bøgata. Til sist vert Anund Roheim heidra med jubileumskonsert på Sandvin med spel frå spelemannsvenner og tidlegare elevar; Leif Rygg, Knut Buen, Hallvard T. Bjørgum, Per Anders Buen Garnås, Anne Hytta og Torgeir Straand.

Elles vert det mellom anna familiedag på Bø torg med Bondens marknad, aktivitetar og musikalske godbitar for heile familien. Festivalen vert avslutta sundag, med den tradisjonsrike Borgja-konserten som i år er med Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Torgeir Straand.

> Her finn du fullt program og praktisk informasjon om festivalen.

> Speleliste med artistane på Telemarkfestivalen