Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Teigland, Åse

Åse Teigland  -

Åse Teigland - Foto | Oddleiv Apneseth

Musikar og pedagog frå Utne i Hardanger, født 1975

Åse Teigland spelar hardingfele, og vart tidleg rekna som ei av dei dyktigaste utøvarane vi har på instrumentet i dag. Ho vann folkemusikkens noregsmeisterskap i 2005, og dette var fyrste gong ei kvinne stod åleine på toppen av hardingfeleklassa på Landskappleiken. Ho har turnert mykje i Noreg, Europa og Asia. I 1998 kom debutplata Dansarsteinen ut, og i 2002 vart ho tildelt toårig arbeidsstipend frå statens kunstnarstipend. I 2006 hadde ho showcasekonsert under Folkelarm i Oslo.

Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder er Knut Hamre, Stein Versto, Ingeleiv og Olav Kvammen, Halldor Meland, Anders Kjerland og Eivind Mo. Ho studerte folkemusikk ved Høgskulen i Telemark (1994 – 1996), gjekk på spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet (1998 -2000) og har dessutan allmenlærarutdanning. Elevane på Kvedar- og spelemannsskulen etablerte gruppa Åtte Potte (1998 – 2001). Teigland var Noregs representant i The European Youth Folk Orchestra (2001 - 2003).

Ho spelar i gruppene Skrekk (frå 2000) og trio HARDANGER (1999). Saman med hardingfelespelarane Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset utarbeider ho for tida solokonsertprosjektet Dei beste damene (2006). Teigland er frilans musikar med statens arbeidsstipend og har planar om å produsere si andre soloplate i nær framtid. Frå hausten 2007 samarbeider ho med Snorre Bjerck, Marianne Juvik Sæbø, Signe Bakke og fylkeskonsertane i Hordaland om ein konsert med Grieg som tema på Troldhaugen i Bergen.

 

Diskografi

Dansarsteinen (NOR-CD, 1998) Solo CD
Håstabøslåttar
(Heilo/Grappa 2000)
Enfant terribles (European Youth Folk Orchestra, 2002)
Trio Hardanger (2L, 2003)
SKREKK (Heilo/Grappa 2004)

 

Priser

 
Sagaprisen (1993)
Øivind Bergs minnepris (1997)
Sparebanken Vest sitt jubileumsstipend (1998)
Nominert til Spellemannpris for plata Håstabøslåttar (Heilo/Grappa 2000)
 

Presse/Kringkasting


Folkemusikktimen NRK P2
Portrettert på kinesisk TV (2003)
Sommeråpent (2005)
 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk