Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Stubseid, Gunnar og Ale Möller

stubseid

Folkemusikkduo
Setesdølen Gunnar Stubseid har i ei årrekkje drive utstrekt verksemd både som soloutøvar og medlem av ulike grupper, m.a. den populære gruppa Slinkombas som vann Spelemannsprisen i 1976.
Ale Møller har gjennom sitt virtuose spel på ei rekkje instrument gjort seg kjend som inspirator og ein sentral musikalsk pådrivar. Han har motteke ei rekkje prisar, m.a. Svenske Fonogrampriset, og vart i 2000 utnemnd til året spelemann i Sverige.
Duoen Stubseid/Möller konserterar med tradisjonsmusikk frå Setesdal i samspel på hardingfele, mandola, seljefløyte, ulike trefløyter, munnspel m.m. Dei samarbeider også med kvedaren Berit Opheim frå Voss og Aly Bain frå Shetland med musikk også frå Voss og Shetland. Gjennom snart 15 års samarbeid har dei to m.a. gjeve ut platene, Rameslåtten og Reisaren, som begge vart nominerte til Spelemannsprisen..
Knut Utler i Aftenposten skriv om plata Reisaren: Setesdalsslåtter i spennende norsk-svensk fremførelse. En plate spekket med sterke stemninger, og laget med gjensidig inspirasjon, sprudlende musikalitet og smittende spilleglede. Burde interessere langt utenfor det tradisjonelle folkemusikkmiljøet.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk