Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Streif

streif

STREIF i si noverande form vart etablert hausten 1999.

Eit dekkjande uttrykk for STREIF sitt repertoar er folkeleg musikk i utvida form. I det ligg det at ikkje berre musikken kjem frå ulike folkekulturar, men også uttrykksformene, val av melodiar og virtuositet er folkeleg. I den balkanske og jiddiske musikken er klarinetten eit hovudinstrument, så den har mykje av æra for musikkutvalet. Når det gjeld det norske, seier leiaren Georg Reiss at han har arbeidd med å finne ut korleis den har blitt spelt på klarinett. Han har brukt same innfallsvinkel som når han lærte å spele sigøynarmusikk, der er det instrumentet som avgjer. STREIF spelar ein del slåttestoff frå Finnskogen. Dette prøver dei å gjere så autentisk som mogleg, i motsetning til anna materiale der dei let det kreative og improvisatoriske få fritt spelerom. Ein konsert med STREIF skal væra ei overraskande, iøyrefallande, kjensleladd og humørfylt oppleving. Musikarane i STREIF er:

Georg Reiss | klarinett, tarogato, sopran sax
Birger Mistereggen | trommer, vokal
Torbjørn Økland | gitarar, bouzouki, trompet
Tom Karlsrud | trekkspel og baryton.
 

Diskografi


No limits (2003)
Trollfugl (2000)
Streif (1996)

 

Konsertreferansar


Turnert hausten 99 og hausten 02 for Musikantbruk. Oppdragsgjevarar m.a. UD og Vinterspela på Lillehammer.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk