KORK i Sogn og Fjordane_ArneMSølvberg_SigmundEikås_HåkonHøgemo_FotoØysteinTorheim_OperahusetNordfjord
Sigrid Moldestad saman med KORK. Foto Øystein Torheim.

I høve fylket sitt 250 års-jubileum komponerte Eirik Husabø frå Florø eit tingingsverk for KORK og tre solospelemenn frå fylket. I verket "Tri tonar", er det ein slått frå kvar fjord; Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Solistane var Håkon Høgemo (hardingfele), Arne M. Sølvberg (fele) og Sigmund Eikås (hardingfele).

I tillegg til dei lokale spelemennene og musikarar frå andre sjangrar var også folkemusikar Sigrid Moldestad frå Breim mellom dei utvalde solistane på konserten. For fyrste gong fekk ho sine eigne låtar framført av eit stort symfoniorkester. 

Målet til arrangørane var at konsertane skulle bli ein folkefest for heile fylket. – I draumen min sit folk i salen med gåsehud, og er stolte av å kome herifrå, sa prosjektleiar Stian Sjursen Takle i førekant av konserten.

I samband med generalprøvane vart heile 1000 skuleelevar inviterte til å sjå konserten som ein del av den kulturelle skulesekken. Dermed var det totalt 2500 personar som fekk med seg dei utselde konsertane i løpet av to hektiske dagar. Konserten vert sendt på NRK1 13. desember. 

Luttprisen2013_KarlSeglem_FotoØysteinTorheim_OperahusetNordfjord
Karl Seglem blei tildelt Luttprisen 2013. Foto: Øystein Torheim

Fekk Lutt-prisen

Årdølen, jazzmusikaren og verdsmusikaren Karl Seglem vart i samband med konserten fredag kveld tildelt Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane. Prisen er eit stipend frå Sparebanken Vest på 25.000 kroner og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim. 

Juryen seier i si grunngjeving at Luttprisvinnaren i år har markert seg sterkt både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vinnaren har i mange år hatt suksess langt utover norske grenser, og har også i år hausta strålande omtaler både for konsertane sine, og plata som vart sleppt i haust. Artisten og komponisten er ein nestor innan sin sjanger, og har ei imponerande karriere å vise til, med komposisjonar og utøving i verdsklasse. Luttprisvinnaren står fram som ein solid ambassadør for fylket, med musikk tufta på tradisjonar. Men samstundes med eit glødande engasjement for å blande stilar og sjangrar.