Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spindel

spindel

Folkemusikkduo med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken

Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad, begge frå Nordfjord, er kjernen i Spindel. Dei byrja å jobbe som duo ved utøvarstudiet i felespel ved Ole Bull Akademiet i 1996.  Begge trakterar hardingfele/fele og det er musikken frå den vestlandske tradisjon dei ”rotar” musikken sin i... I tillegg til tradisjonelle slåttar i ny tapning skapar dei også musikk med inspirasjon frå fortid og notid.

I 2001 kom plata ”Spindel” og med det tre dyktige musikarar som har vore med i Spindel sidan. Olav Tveitane, Ivar Kolve og Dagfinn Andersen bidreg med både komposisjonar og idear når Spindel jobbar saman som band. Dette kan ein særlig høyre på plate nr to, ”Aminje”, som kom i 2005.

Spindel har utvikla seg gradvis og og er eit sjeldan norsk ”spinn” som hardingfeleband. Impulsar frå pop, jazz og 70-tals folkrock kan høyrast når Spindel spelar. Den gode energien mellom dei to fele-kvinnene skapar musikk-kjemiske utbrudd av speleglede og historieforteljing. Dei kjenner seg tru mot sin eigen tradisjon og tru mot det leikne spelet som alltid har vore der blant spelemenn gjennom tidene.

Spindel er: 
Liv Merete Kroken: Hardingfele og fele.
Sigrid Moldestad: Hardingfele, fele og vokal.
Olav Tveitane: Gitar, cister, kontrabass og vokal.
Dagfinn Andersen: Piano, trøorgel og vokal.
Ivar Kolve: Percussion og marimba.

Spindel opptrer både som duo og som band.

 

Diskografi


Spindel (2001, Grappa)
Aminje (2005, Grappa)
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk